5.2. Redigering av verktøyforvala

Figur 15.73. Redigering av verktøyforvala

Redigering av verktøyforvala

5.2.1. Aktivering

Du har tilgang til denne menyen via

  • eit klikk på knappen Rediger forvalet for dette verktøyet i knapperada i vindauget for verktøyforvala.Dialog.

  • ved å dobbeltklikke på eit forvalsikon i dialogvindauget for verktøyforvala.

  • høgreklikke på eit forval i vindauget for verktøyforvala for å opne ein lokalmeny og deretter klikke på Rediger verktøyforvalet

5.2.2. Å bruke editoren for verktøyforvala

Du kan bare redigere forval du har laga sjølv. Alle vala for dei førehandsdefinerte forvala er gråa ut og deaktiverte.

I denne dialogen kan du:

  • redigere namnet på forvalet i tekstboksen,

  • endre ikon for forvalet ved å trykke på ikonet for forvalet. Dette vil opne eit vindauge der du kan velje ikon.

  • velje kva eigenskapar som skal lagrast ved å klikke i avmerkingsboksane.