11.10. Kromeffekt

11.10.1. Oversyn

Figur 17.244. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret «kromeffekt»


Dette filteret lager ein «state of the art» kromeffekt. Kjeldebiletet blir brukt som maske («stensil») for å lage kromeffekten, og må ha berre eitt lag, vere i gråskala og utan alfakanal.

Filteret lagar kromeffekten ut frå originalbiletet eller eit eventuelt utval i biletet og legg resultatet inn i eit nytt bilete. I tillegg blir det lagt til ein bakgrunnseffekt.

11.10.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterDekorKromeffekt.

[Tips] Tips

Dersom kommandoen er gråa ut sjølv om biletet er i gråskala, kan det vere fordi biletet har alfakanal. Fjern denne.

11.10.3. Innstillingar

Figur 17.245. Innstillingane for filteret «kromeffekt»

Innstillingane for filteret «kromeffekt»

Krom metning, Krom lysverdi

Bruk dette valet for å bestemme kulør og metning for «kromlaget». Negative verdiar vil redusere metninga og lysmengda.

Kromfaktor

Denne faktoren bestemmer forskyving, sløringsradius og penselstorleik som

Ver litt forsiktig når du endrar denne. Aujande verdiar kan gi ein dårleg kromeffekt. Det ser ut til at den førehandsvalde verdien, 0,75, gir eit bra resultat.

Omgivnadskart

Omgivnadskartet blir lagt til som ei form for «støy» i kjeldebiletet. Effekten er mest synleg dersom du vel eit enkelt kart med tydelege former:

Å bruke eit enkelt omgivnadskart

Omgivnadskartet kan også vere eit gråskalabilete. Dersom storleiken ikkje er den same som originalbiletet, blir kartbiletet skalert.

Høglysbalanse

Denne fargen blir brukt til å styre fargebalansen i «høglyslaget».

Unngå fargar med verdiar for raud, grøn og blå > 230.

Krombalanse

Same som ovanfor, men endrar fargebalansen for «kromlaget».

Krom kvite område

Denne innstillinga er normalt aktivert og gjer at kjeldebiletet blir brukt som maske. Dersom denne ikkje er markert, vil det inverterte kjeldebiletet bli brukt.

11.10.4. Korleis lage kromeffekten

Det følgjande er ei kort og forenkla forklaring på korleis skriptet (eigentleg i Script-Fu) lagar kromeffekten.

Dersom du har brukt filteret og deretter ser på lagdialogen for biletet, kan du sjå at kromeffekten er sett saman av to hovudlag, «kromlaget» og «høglyslaget». Desse laga er oppretta slik:

  1. Skriptet lagar eit forenkla, sløra lag frå kjeldebiletet, eller frå det inverterte biletet dersom Krom kvite område ikkje er avkryssa.

    Kontrollen Kromfaktor bestemmer effekten av dette laget.

  2. Det eventuelt skalerte omgivnadskartet er sløra og fletta saman med laget over med 50 % gjennomsikt. (Ser du katten i eksemplet?

    Å flette inn omgjevnadskartet

  3. Verdien for lysmengda blir styrt ved hjelp av ei intesitetskurve.

    Å modifisere intesitetskurven

  4. Det blir lagt til ei lagmaske med data frå kjeldebiletet. Dette er blir seinare til «kromlaget».

    «Høglyslaget» er ein kopi av «kromlaget» med lagmaska overstroke med ein kvit pensel.

    Basis for krom og høglys

  5. Fargebalansen i begge laga blir modifisert i høve til innstillingane for Høglysbalanse og Krombalanse ved å auke mengda av raud, grøn og blå mest i høglysa.

    Metninga og kor lyst kromlaget skal bli er endra ved hjelp av kontrollane Krom metning og Krom lysverdi.

    Krom- og høglyslaget

Til slutt legg du til slagskygge og eit bakgrunnslag for å få eksempelbiletet for filteret «Kromeffekt».