10.4. Tekstil

10.4.1. Oversyn

Figur 17.172. Eksempel på bruk av filteret «tekstil»

Eksempel på bruk av filteret «tekstil»

Filteret «tekstil»


Filteret Tekstil lagar ein tekstilliknande tekstur i det utvalde området eller alfakanalen.

Dersom biletet er indeksert, er denne menyoppføringa gråa ut og utilgjengeleg.

Denne effekten blir laga gjennom følgjande steg:

  1. Opprett eit bilete med same storleik som originalbiletet eller utvalet eller alfaområdet og legg eit lag til dette området fylt med kvitt og deretter tilsett kraftig rgb-støy.

  2. Lag ein kopi av det nye laget over det gamle og set kopien til modus multipliser.

  3. Legg til gaussisk sløring i ulike retningar. Det nedre laget blir sløra vassrett med Slør X som radius, det øvre laget blir sløra loddrett med Slør Y som radius.

  4. Dei to laga blir deretter fletta saman. Kontrasten blir ekspandert mest mogleg før dette nye laget blir lettare sløra.

  5. Til slutt blir det nye laget avbilda på det aktive biletlaget med parametra sette for Asimut, Elevasjon og Djupn.

10.4.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterArtistiskTekstil

10.4.3. Innstillingar

Figur 17.173. Innstillingane for filteret «tekstil»

Innstillingane for filteret «tekstil»

Verdiane for Asimut, Elevasjon og Djupn kjem frå filteret avbilding.

Slør X, Slør Y

Desse parametra bestemmer fiberlengda for teksturen, Slør X horisontalt og Slør Y vertikalt. Skalaen går frå 3 til 100.

Asimut

Glidebrytaren Asimut styrer kva kompassretning lyset kjem frå. Minsteverdien er 0,00 som er rett aust. Aukande verdiar dreier lyset mot klokka og ved maksimumsverdien 360,00 er lyset igjen frå aust.

Elevasjon

Glidebrytaren Elevasjon styrer kor høgt over horisonten lyset kjem frå. Med minimumsverdien 0,50 kjem lyset frå horisonten, medan det med maksimumsverdien 90,0 kjem rett ovanfrå (senit).

Djupn

Glidebrytaren Djupn styrer avstanden mellom toppane og botnane. Verdien kan varere frå 1 til 65. Høgare verdiar gir ei meir ruglete overflate.