16.5. Basisk I & II

16.5.1. Oversyn

Figur 17.380. Eksempel på bruk av filtra «basisk»

Eksempel på bruk av filtra «basisk»

Basisk I

Eksempel på bruk av filtra «basisk»

Basisk II


Desse filtra legg ein fargeovergangseffekt med skygge og bakgrunn til alfalaget i det aktive laget.

«Basisk II» legg også til eit høglyslag.

[Åtvaring] Åtvaring

Storleiken på biletet blir alltid sett til den same som det aktive laget.

Filtra, som er avleidde frå logoskripta «basisk I» og «basisk II» ( sjå FilHent innLogoar i biletmenyen) , lagar for eksempel desse teksteffektane:

Script-Fu-skriptet «Basisk I»

16.5.2. Aktivering

Du har tilgang til filtra frå biletmenyen via FilterAlfa til logoBasisk I og FilterAlfa til logoBasisk II

16.5.3. Innstillingar

Figur 17.381. Innstillingane for filtra «basisk»

Innstillingane for filtra «basisk»

Innstillingar for filteret «basisk I»

Innstillingane for filtra «basisk»

Innstillingar for filteret «basisk II»


Bakgrunnsfarge

Denne fargen blir brukt til å fylle bakgrunnslaget laga av filteret. Forvalet er sett til kvit, men du kan klikke på fargeruta for å velje ein annan farge.

Tekstfarge

Namnet skriv seg frå dei originale logoskripta der det blei brukt førehandsvalde basisfargar (blå (6,6,206) i «basisk I» og raud (206,6,50) i «basisk II») for fargeovergangen. Basisfargen er den fargen alfakanalen blir fylt med før fargeovergangseffekten blir lagt til.

16.5.4. Filterdetaljar

Du kan reprodusere effekten ved å bruke blandeverktøyet med desse innstillingane:

  • Modus: Multipliser

  • Fargeovergang: FG til BG (RGB) der forgrunnen er kvit og bakgrunnen svart

  • Forskyving: 20

  • Form: Radial

  • Utjamning: Avkryssa