4.17. Bølgjer

4.17.1. Oversyn

Figur 17.82. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Bølgjer»


Dette filteret gir same effekten som dei konsentriske ringane du får når du kastar ein stein i stille vatn.

4.17.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterForvrengningarBølgjer

4.17.3. Innstillingar

Figur 17.83. Innstillingane for filteret «bølgjer»

Innstillingane for filteret «bølgjer»

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK. Du kan slå av førehandsvisinga dersom datamaskinen av ein eller annan grunn arbeider svært tregt.

Modus
Smør ut

Dei tomme områda på sidene blir fylte med kopiar av omliggande pikslar. Fargane blir smurde utover.

Svert

Dei tomme områda blir fylt med svart farge.

Reflekterande

Gjer at bølgjer som treff kantane blir reflekterte og interfererer med motgåande bølgjer.

Amplityde

Bestemmer bølgjehøgda.

Fase

Denne kommandoen skifter bølgjetoppane.

Bølgjelengde

Bestemmer avstanden mellom bølgjetoppane.