13.15. Sinus

13.15.1. Oversyn

Figur 17.318. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «sinus»


Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterTeikningarMønsterelementSinus

Dette filteret lager ein bølgjeforma tekstur som kan minne om fuktig silke, eller kan hende årringar i polert tre.

Du kan bestemma kva for to fargar som skal brukast i mønsteret. I tillegg kan du bestemma kor høge og breie bølgjene skal vere og kor komplekst mønsteret skal lagast.

13.15.2. Innstillingar

13.15.2.1. Innstillingar

Figur 17.319. Innstillingane for filteret «Sinus»

Innstillingane for filteret «Sinus»

Biletinnstillingane

X-skala, Y-skala

Desse kontrollane blir brukte til å bestemma kor store bølgjene skal bli. Små verdiar vil strekke ut bølgjene maksimalt, medan høge verdiar vil presse mønsteret saman.

Kompleksitet

Denne kontrollen styrer kor mykje mønsteret skal utbroderast og kor mykje fargane skal påverka kvarandre. Små verdiar lager eit enkelt, harmonisk mønster, medan store verdiar gir meir komplekse mønster.

Berekningsinnstillingane

Tilfeldig frø

Her bestemmer du kor tilfeldig filteret skal arbeide. Du kan skrive inn starttalet direkte eller generere eit tilfeldig tal ved å trykke på knappen Nytt frø. Dersom tilhøva elles er dei same, vil eit bestemt starttal alltid gi det same resultatet.

Dersom det er kryssa av for Slump er det ikkje råd å skrive inn nye frø. I staden blir det generert eit tilfeldig frø kvar gong filteret blir aktivert. Dersom denne ikkje er avkryssa, vil programmet bruke same frøet som blei brukt sist.

Tvungen flislegging?

Dersom denne er avkryssa, vil filteret lage eit mønster som kan brukast som flislegging. Dette er særleg aktuelt som bakgrunn i nettsider.

Ideell, Fordreid

Desse vala bestemmer korleis dei to fargane skal påverke kvarandre. «Fordreid» gir eit meir rotete bilete enn «Ideell».

13.15.2.2. Fargar

Figur 17.320. Innstillingane for filteret «Sinus» (fargar)

Innstillingane for filteret «Sinus» (fargar)

Fargar

Her kan du sjå dei to fargane teksturen er sett saman av. Du kan velje mellom å bruke svart og kvit, fargane frå verktøyvindauget eller å velje eigne fargar ved å trykke på fargeikona.

Alfakanalar

Dei to glidebrytarane blir brukte for å bestemme dekkevna for kvar av fargane. Dersom laget du arbeider på ikkje har alfakanal, vil brytarane vere gråa ut som uverksame.

13.15.2.3. Bland

Figur 17.321. Innstillingane for filteret «Sinus» (bland)

Innstillingane for filteret «Sinus» (bland)

Fargeovergang

Du kan her velje mellom tre ulike måtar for å bestemma utsjånaden til bølgjene: Lineær, Bilineær eller Sinusforma.

Eksponent:

Denne glidebrytaren blir brukt for å bestemma kva for ein av fargane som skal vere den dominerande, og kor mykje han skal dominera. Set du glidebrytaren heilt til venstre, på -7,5 vil den venstre fargen dominere totalt. Med verdien 7,5 vil den høgre fargen dominere alt. Er brytaren ein stad mellom desse ytterpunkta, vil dominansen vere fordelt tilsvarande.