4.14. Forskyving

4.14.1. Oversyn

Figur 17.69. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Forskyving»


Dette filteret flytter, eller skifter, alle pikslane i det aktive laget eller det aktive utvalet meir eller mindre tilfeldig innføre gitte rammer.

4.14.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterForvrengningarForskyving

4.14.3. Innstillingar

Figur 17.70. Innstillingane for filteret «Forskyving»

Innstillingane for filteret «Forskyving»

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Forskyv horisontalt, Forskyv vertikalt

Denne bestemmer retninga pikslane skal flyttast i.

Dei pikslane som blir borte frå ei side, dukkar opp på motsett side.

Forskyving

Styrer kor langt pikslane maksimalt kan flyttast. Skalaen går frå 1 til 200 pikslar (eller i ei anna vald måleeining)