3.8. Gjer skarpare

3.8.1. Oversyn

Dei aller fleste digitale bileta treng å skjerpast. Dette fordi digitalteknikken deler alt opp i punkt. Fargane blir delte opp i fargepunkt i staden for kontinuerlege fargeovergangar slik det ofte er i naturen. Dersom fargeskilnadane i eit område er mindre enn den såkalla «samplingsfrekvensen», vil alle fargepunkta i området bli eit gjennomsnitt av alle fargane der. Skarpe kantar blir litt uskarpe. Det same kan du sjå når fargane blir skrivne ut på papir.

Dette filteret gjer kantane skarpare, men forsterkar også eventuell støy som måtte finnast i biletet. Filteret kan også generere støy i flater med små fargevariasjonar som t.d. ein himmel eller ei vassflate. I mange tilfelle vil du få eit betre og meir naturleg resultat med filteret Uskarpmaske.

Figur 17.29. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Gjer skarpare»


3.8.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterForbetreGjer skarpare

3.8.3. Innstillingar

Figur 17.30. Innstillingane for filteret «Gjer skarpare»

Innstillingane for filteret «Gjer skarpare»

Førehandsvising

Dersom denne er avkryssa, vil endringane bli viste i førehandsvisinga. Du kan flytte rundt i biletet ved hjelp av rullefelta.

Skarpleik

Denne glidebrytaren blir brukt for å setje styrken på skjerpinga på ein skala frå 1 til 99. Dess høgare verdi dess skarpare bilete, men dermed også kanskje meir tilført støy.