6.5. RGB-støy

6.5.1. Oversyn

Figur 17.132. Eksempel på bruk av filteret «RGB-støy»

Eksempel på bruk av filteret «RGB-støy»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «RGB-støy»

Eksempel på bruk av filteret «RGB-støy»


Dette filteret legg til normalfordelt støy i fargane raud, grøn og blå i det aktive laget eller utvalet. Filteret bruker fargemodellen RGB. At støyen er normalfordelt, betyr at dei fleste pikslane i det berørte området bare blir tilsett ein liten grad av støy, medan noen få pikslar blir tilsett svært mykje støy. Bruker du dette filteret på ein einsfarga grått bilete, vil fordelinga bli ei klassisk klokkeforma gausskurve.

Resultatet ser svært naturleg ut.

Filteret verkar ikkje på indekserte bilete.

6.5.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterStøyRGB-støy

6.5.3. Innstillingar

Figur 17.133. Innstillingane for filteret «RGB-støy»

Innstillingane for filteret «RGB-støy»

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner forandringane før du legg dei inn i biletet.

Korrelatert støy

Når det er kryssa av for denne, vil støymengda vere avhengig av pikselverdiane slik at høge verdiar vil gi meir støy enn låge. Mørke område blir svært lite påverka. Er det ikkje kryssa av for denne, vil støyen vere meir jamnt fordelt. (Korrelatert støy blir også kalla «spetting» ut frå at resultatet blir spetta).

Uavhengig RGB

Dersom denne ikkje er avkryssa, vil dei tre glidebrytarane for fargar vere kopla saman slik at om du flytter på ein av dei, vil dei to andre følgje med. Støymengda vil difor blir relativt lik for alle kanalane og fargetona for pikslane blir lite forandra. Er det merka av for denne funksjonen, kan du flytte glidebrytarane uavhengig av kvarandre.

Raud, Grøn, Blå, Alfa

Desse glidebrytarane og tilhøyrande innskrivingsboksar blir brukte for å setje støynivået for kvar kanal. Skalaen er relativ, og går frå 0,00 til 1,00. Glidebrytaren for alfa er bare tilgjengeleg dersom det aktive laget inneheld ein alfakanal. For gråskalabilete vil dei tre fargebrytarane vere erstatta med ein glidebrytar for Grå.

Verdiane sett med brytarane er eigentleg standardavvik i høve til normalfordelinga av tillagt støy. Det brukte standardavviket er halvparten av den viste verdien. 1 er avstanden mellom den lågaste og høgaste moglege verdien i ein kanal.