6.4. Fargeplukk

6.4.1. Oversyn

Figur 17.130. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Fargeplukk»


Dette filteret bytter ut ein piksel med ein annan piksel tilfeldig vald frå ei 3 × 3 piksel rute med den aktuelle pikselen i sentrum. Også den aktuelle pikselen kan bli vald. Alle, eller bare ein del av pikslane i det aktive laget eller det aktive utvalet blir påverka av filteret, avhengig av innstillinga på glidebrytaren Slumpmengde (%).

6.4.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterStøyFargeplukk

6.4.3. Innstillingar

Figur 17.131. Innstillingane for filteret «Fargeplukk»

Innstillingane for filteret «Fargeplukk»

Tilfeldig frø

Verdien du set i kontrollen Startfrø bestemmer til ein viss grad kor tilfeldig filteret skal arbeide. Bruker du det same startfrøet som sist, og ingenting anna heller er forandra, vil filteret gi ut nøyaktig det same resultatet. Legg du inn ein ny verdi for slumpfrøet, vil også resultatet bli eit anna, sjølv om ingenting anna er forandra. Du kan skrive inn verdiar for slumpfrøet for hand, eller du kan velje ein tilfeldig startverdi med knappen Nytt frø.

Er det merka av for Slump, blir innskrivinga av frø sperra. I staden blir det generert eit nytt frø kvar gong du køyrer filteret. Er det ikkje kryssa av for dette valet, vil filteret bruke det innskrivne frøet kvar gong.

Slumpmengde (%)

Glidebrytaren Slumpmengde bestemmer kor mange prosent av pikslane i det aktive laget eller det aktive utvalet som skal bli påverka av filteret. Dess høgare verdi, dess fleire pikslar bli forandra.

Gjenta

Glidebrytaren Gjenta bestemmer kor mange gonger filteret skal gjenta prosessen.