13.13. Labyrint

13.13.1. Oversyn

Figur 17.314. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Labyrint»


Dette filteret bytter ut innhaldet i det aktive laget med eit tilfeldig generert labyrintmønster i svart/kvit. Kan du finne ruta frå midten og ut til kanten i eksemplet ovanfor?

13.13.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterTeikningarMønsterelementLabyrint

13.13.3. Innstillingar

Figur 17.315. Innstillingane for filteret «Labyrint»

Innstillingane for filteret «Labyrint»

Labyrintstorleik

Linjebreidde, Høgde

Desse glidebrytarane blir brukt for å bestemme kor tykke veggane i labyrinten skal vere og dermed også kor mange vegar det skal vere. Dess tynnare veggar dess fleire vegar. For at figuren skal likne mest mogleg på ein labyrint, bør breidda og høgda vere den same. Innstillingane på desse brytarane påverkar også kor mange bitar det kan vere i kvart felt. Dersom du forandrar talet på bitar, vil du også sjå at tilsvarande glidebrytar forandrar seg.

Algoritme

Frø

Dette er starttalet som slumpgeneratoren bruker som utgangspunkt for å lage tilfeldige vegar i labyrinten. Normalt kan du krysse av for Slump og såleis la programmet plukke frø på slump. Skulle du ha behov for å lage den same labyrinten fleire gonger, skriv du inn same frøet.

Først djupn, Prims algoritme

Du kan velje mellom to ulike metodar for å generere labyrinten, Først djupn og Prims algoritme. I praksis betyr det ikkje så mykje kva for ein av desse du vel.

Saumlaus

Dersom du ønskjer å bruke labyrinten som eit mønsterelement, kan du gjere dette ved å krysse av for denne funksjonen.