8.23. Fargelegg frå fargeovergang

8.23.1. Oversyn

Figur 16.170. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av fargeovergangskart. Øvst: originalbiletet. I midten: ein fargeovergang. Nedst: resultatet av å legge fargeovergangen til biletet ved hjelp av filteret «Frå fargeovergang».


Dette filteret bruker den aktive fargeovergangen, den som er vist i verktøykassa, for å fargelegge det aktive laget eller det aktive utvalet i biletet. Når du vil bruke filteret, hentar du først ein høveleg fargeovergang med dialogen fargeovergangar. Deretter markerer du det området du ønskjer å forandra, og endeleg opnar du filteret. Dette filteret viser ingen dialog, men køyrer automatisk. Filteret bruker lysverdiane i målbiletet slik at dei mørkaste områda får farge frå den venstre enden av overgangen, og dei lysaste områda frå den høgre sida. Pikslar med mellomliggande verdiar får dei mellomliggande fargane.

8.23.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FargarKartFargelegg frå fargeovergang