3.5. Fjern striper

3.5.1. Oversyn

Dette filteret blir brukt for å fjerne loddrette striper som t.d. kan ha oppstått på grunn av ein feil ved skannaren. Filteret legg til eit biletmønster som interfererer med biletet og fjerner stripene dersom det er råd å finne ei brukbar innstilling. Dette «negative» biletmønsteret blir rekna ut frå loddrette element i biletet, så ikkje bli overraska om filteret lager nye striper i eit bilete som eigentleg er utan striper. Dette skjer nokså sikkert dersom verdien i Breidde er sett for høgt.

Blir ikkje resultatet slik du hadde håpt på, bruk angrefunksjonen og prøv med ny innstilling. Ikkje kast bort tid med å køyre filteret omigjen. Dette fører (nesten) alltid til dårlegare resultat. Er det berre er ein liten del av biletet som har uønskte striper, kan du prøve å markere berre stripene og køyre filteret på utvalet.

3.5.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterForbetringarFjern striper

3.5.3. Innstillingar

Figur 17.24. Innstillingane for filteret «Fjern striper»

Innstillingane for filteret «Fjern striper»

Førehandsvising

Dersom denne er avkryssa, vil endringane bli viste i førehandsvisinga. Du kan flytte rundt i biletet ved hjelp av rullefelta.

Lag histogramm

Dette er eit «histogram» som viser eit tydelegare bilete av interferensmønsteret.

Breidde

Her kan du bestemme «styrken» på filteret (2-100). Som oftast vil du få best resultat med ei breidde på opp til 40. Verdiar over 60 gir som oftast eit ubrukeleg resultat.