2.2. Å installere Script-Fu

Ein av fordelane med Script-Fu er at du kan dela skripta dine med andre. I tillegg til dei skripta som blir leverte saman med GIMP, finst det uhorveleg mange tilgjengelege for nedlasting rundt om på Internett.

  1. Når du har lasta ned eit skript, kopierer eller flytter du det til mappa di for skript. Kva for mappe dette er, finn du i brukarinnstillingane under MapperSkript.

  2. Oppdater skripta ved å bruke FilterScript-FuOppdater skript frå biletmenyen. Skriptet skal nå dukka opp i ein av menyane. Den mest sannsynlege er filtermenyen. Dersom du ikkje finn det i nokre av menyane, er det noko gale med skriptet. (Den vanlegaste feilen er syntaksfeil, altså skrivefeil).