5.3. Punkt for punkt

Kommandoen Punkt for punkt slår modus «Punkt for punkt» av og på. Dersom han er på, dvs. merka i ruta framføre namnet, og forstørringsfaktoren er sett til 100%, vil kvar piksel i biletet bli vist som ein piksel på skjermen. Dersom «Punkt for punkt» er slått av, vil biletet bli vist i verkeleg storleik, altså så stort som det blir i utskrift.

Eksemplet under viser dette. Følgjande val er gjort for biletet:

For at dette skal vere tilfelle, må oppløysinga til skjermen vere den same som for biletet. Dette bestemmer du i menyen for brukarinnstillingar.

Du bør ha denne metoden aktivert når du arbeider med ikon og skjermgrafikk, t.d. for Internett. Når du arbeider med bilete som skal skrivast ut, er det enklare å slå av Punkt for punkt.

5.3.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet frå biletmenyen via VisPunkt for punkt.