2. Tekst

2.1. Tekstutsmykking

Figur 9.12. Fancy tekst

Fancy tekst

Fire fancy tekstar laga med logoskripta «alien neon», «kuflekkar», «frost» og «kritt». Det blei nytta normalverdiane unntatt for teiknstorleiken.


Det er mykje du kan gjere for å pynte på ein tekst i tillegg til å bruke ulike skrifttypar og fargar. Dersom du omformer teksten til eit utval eller ein bane, kan du fylle teksten, streke opp omrisset eller gjere kva du måtte ønskje med heile batteriet av verktøya som GIMP er oppsett med. Ta ein kikk på dei såkalla «logoskripta» som ligg i menyen under FilHent innLogoar. Her kan du manipulera ein innskriven tekst på ulike måtar. Skulle du ha ønskje om å endre på eit av skripta, eller programmera nye, sjå først på kapitla Å bruke Script-Fu og Innføring i Script-Fu. Eigentleg gjer ikkje desse skripta anna enn det du kan klare sjølv, men dei forenklar arbeidet.