4.4. Å komprimere bilete

Figur 3.21. Eksempel på lagring i jpeg

Eksempel på lagring i jpeg

Dersom du har bilete som tar opp mykje plass på harddisken, kan du redusere filstorleiken utan å endre biletstorleiken. Dette gjer du ved å komprimere biletet. Det beste resultatet får du ved å komprimere i JPG-formatet. Sjølv om biletet originalt er lagra i dette formatet, kan du som oftast komprimere det litt ekstra utan at det går nemnande ut over kvaliteten. Dette fordi JPG-formatet bruker ein metode der du sjølv kan bestemme kor mykje biletet skal komprimerast og såleis også ha kontroll over kvaliteten. Tommelfingerregelen er at dess meir biletet blir komprimert dess fleire detaljar forsvinn i biletet. Ver også klar over at for kvar gong biletet blir lagra i komprimert JPG-format blir kvaliteten noko redusert. Som oftast vil det difor vere lurt å ha ein ukomprimert kopi på lager.

Frå og med GIMP-2.8 blir bilete lagra og lasta inn som .XCF-filer. Biletet ditt er altså lasta inn som XCF. I GIMP kan du velja mellom Overskriv biletnamn.jpg eller FilEksporter som for å opna dialogvindauget «Eksporter bilete».

Figur 3.22. Dialogvindauget «Eksporter»

Dialogvindauget «Eksporter»

Når dialogvindauget blir opna er filnamnet skrive inn i namnefeltet med standardutvidinga .png. Slett denne filutvidinga og skriv inn JPG i staden. GIMP vil nå finne den rette filtypen ut frå filutvidinga. Du kan bruke lista over filutvidingar (innringa på biletet over) for å sjå kva filtypar GIMP har støtte for. Kva for filutvidingar som er tilgjengelege er noko avhengig av oppsettet på datamaskinen. Dersom GIMP får problem, eller at formatet «JPEG» er gråa ut, altså ikkje tilgjengeleg, trykk på knappen Avbryt og les Del 4.7, “Å forandre biletmodus”. Deretter kan du trykke på knappen Lagra. Dette vil opna «Lagra som» med kvalitetskontrollane for JPEG-formatet.

I dialogvindauget for å lagra som jpeg, kan du bruke dei førehandssette verdiane for å redusere filstorleiken utan at det går nemnande ut over biletkvaliteten. Dette er den enklaste og raskaste måten å gjere det på.

Figur 3.23. «Eksporter som JPEG» sett til standard kvalitet.

«Eksporter som JPEG» sett til standard kvalitet.
«Eksporter som JPEG» sett til standard kvalitet.

Du kan redusere biletkvaliteten for å gjere biletfila mindre, men du bør sikre deg at det er kryssa av for «Førehandsvis i biletvindauget» slik at du kan ha eit auge med kvaliteten. Kvaliteten 10 gi eit svært dårleg bilete som tar liten diskplass. Biletet nedanfor viser ei innstilling med akseptabel kvalitet til føremålet. Med kvaliteten sett til 75 blir kvaliteten i dei fleste tilfella ikkje merkbart dårlegare, men filstorleiken blir kraftig redusert. Biletfila vil altså ta mindre plass på harddisken og vil vere raskare å laste ned til ei nettside.

Figur 3.24. «Eksporter som JPEG» sett til kvalitet 75

«Eksporter som JPEG» sett til kvalitet 75
«Eksporter som JPEG» sett til kvalitet 75

Her er det same biletet med ulike grader av komprimering:

Figur 3.25. Eksempel med sterk kompressjon

Eksempel med sterk kompressjon

Kvalitet: 10; Filstorleik: 3,4 Kilobyte

Eksempel med sterk kompressjon

Kvalitet: 40; Filstorleik: 9,3 Kilobyte


Figur 3.26. Eksempel med moderat kompressjon

Eksempel med moderat kompressjon

Kvalitet: 70; Filstorleik: 15,2 Kilobyte

Eksempel med moderat kompressjon

Kvalitet: 100; Filstorleik: 72,6 Kilobyte