4.7. Å forandre biletmodus

Som så mykje anna blir også bilete brukte i mange ulike utgåver og tener mange ulike føremål. Av og til er det viktig å gjere biletet så lite som råd er (t.d. for Internett), andre gonger kan høg fargeintensitet vere hovudmålet (t.d. i familieportrett). GIMP kan faktisk greie dette og meire til, ved å omforma bileta mellom tre hovudmodus som vist i denne menyen. Du bytter ganske enkelt mellom fargemodus frå biletmenyen ved å opne menyen og klikke på ønskt modus.

Figur 3.32. Dialogen for å endre modus

Dialogen for å endre modus

RGB - Dette er normalmodus. Formatet kan vise millionar av fargar i høg kvalitet. Sidan RGB-moduset er det formatet som inneheld mest informasjon om biletet, vil ein del av verktøya verke berre i RGB-modus. Dette gjeld t.d. når du skal skalere, beskjere eller berre spegelvende biletet. I RGB-modus er kvar piksel sett saman av tre ulike komponentar: R for Raudt, G for Grønt og B for Blått. Kvar av desse komponentane kan ha ein verdi mellom 0 og 255. Resultatfargen for pikselen er summen av verdiane for desse tre komponentane.

Indeksert - Denne blir gjerne brukt når filstorleiken er viktig eller når biletet har få fargar. Indeksert modus kan ha opp til 256 ulike fargar. Når du endrar ei bilete til indeksert modus, vil GIMP normalt generere ein optimal fargepalett for å få det beste resultatet.

Figur 3.33. Dialogvindauget «Konverter biletet til indekserte fargar»

Dialogvindauget «Konverter biletet til indekserte fargar»

Som du sikkert har funne ut, vil filformatet bli mykje mindre sidan det er mindre biletdata å lagra. Ulempen er at du ofte finn menyval som er gråa ut sidan dei ikkje verkar i dette moduset. Du kan prøve å omforme biletet til RGB-modus for å utføre dei ønskte funksjonane og deretter tilbake til indeksert igjen. Dersom det ikkje hjelper å omforme til RGB, kan det vere fordi biletet manglar gjennomsikt. Du må då legge til gjennomsikt ved å bruke menyvalet LagGjennomsiktLegg til alfakanal.

Figur 3.34. Legg til alfakanal

Legg til alfakanal

Gråskalabilete inneheld ingen fargar, berre ulike grader av grått, såkalla svart/kvit-bilete. Moduset blir ofte brukt til spesielle føremål og tar dessutan som regel mindre plass på harddisken enn andre modus. Ikkje alle former for utstyr kan vise gråskalabilete.

Dersom du lagrar i filformat som berre kan innehalde eit bestemt modus, treng du ikkje å konvertere eit bilete til eit bestemt modus før du lagrar det. GIMP ordnar dette for deg og vil eventuelt eksportere biletet i høveleg modus for formatet.