3. Teikneverktøya

Figur 14.38. Teikneverktøya

Teikneverktøya

3.1. Felles eigenskapar

Verktøykassa i GIMP inneheld tretten «teikneverktøy» som alle er grupperte nedst i verktøyvindauget (i normaloppsettet).

Figur 14.39. Teikneverktøya i verktøykassa

Teikneverktøya i verktøykassa

Felles for alle desse verktøya er at dei lagar penselstrøk når peikaren blir flytt rundt om på biletet. Fire av ddesse,

oppfører seg slik ein ventar av ein pensel. Blyanten, målarpenselen og luftpenselen høyrer til dei grunnleggande teikneverktøya, eller penselverktøya som dei er kalla her.

Dei andre verktøya bruker ein pensel for å gjere endringar i biletet på andre måtar enn det å teikne på det:

Teikneverktøya kjem til sin fulle rett først når du nyttar teiknebrett (digitaliseringsbord). Musa er i slike tilfelle berre ei dårleg nødløysing, som heller ikkje kan gjerast trykkfølsam slik teiknebrettet kan det.

I tillegg til dei meir vanlege «rett fram metodane», kan teikneverktøya også nyttast på ein automatisert måte ved å lage eit utval eller ein bane og deretter «streke opp» med eit av verktøya. Alle teikneverktøya, med alle tilgjengelege innstillingar, kan brukast til dette, også viskelêret og liknande «uvanlege» verktøy. Sjå nærare om dette i Del 3.17, “Strek opp utvalet”.

3.1.1. Valtastar

Ctrl

Denne tasten har ein spesiell effekt på alle tastane unntatt på pennen. Held du nede Ctrl-tasten medan du bruker blyant, pensel, viskelêr eller utgniingsverktøyet, vil verktøyet gå over til å bli ein fargeplukkar som du kan bruke til å hente forgrunnsfarge (eller, dersom du brukar viskelêret: bakgrunnsfarge) frå biletet. Dersom kloneverktøyet er aktivt, vil klikket setje referansepunktet for dette. For slør/skjerp bytter Ctrl-tasten mellom modus for å gjere skarpare eller å sløra ut. For verktøyet avskygging/etterbelysning skifter Ctrl-tasten mellom desse to.

Shift

Denne har same effekten på alle teikneverktøya. Held du nede Shift-tasten vil verktøyet skifte til berre å kunne teikne rette linjer. Dette gjer du ved først å klikka på startpunktet og deretter trykke ned Shift-tasten. Så lenge du held denne tasten nede, vil du sjå ei rett linje mellom startpunktet og markøren. Klikkar du igjen, vil det nå bli teikna ei rett linje mellom dei to klikka. Du kan gjenta prosessen så mange gonger du ønskjer.

Ctrl+Shift

Held du nede begge desse tastane, vil det aktuelle verktøyet avsette ei avgrensa rett linje. Det tilsvarar å halde nede Shift-tasten åleine, men retninga på linja er avgrensa til å vere multiplar av 15º i høve til førre linja. Du kan bruke dette for å lage perfekte horisontale, vertikale eller diagonale linjer.

3.1.2. Verktøyinnstillingar

Figur 14.40. Innstillingar felles for alle teikneverktøya

Innstillingar felles for alle teikneverktøya

Dei innstillingane som er felles for fleire av teikneverktøya blir omtalte her. Innstillingar som gjeld spesielt for eitt eller noen få verktøy, blir omtalt saman med dei aktuelle verktøya.

Modus

Denne nedtrekkslista inneheld eit utval av metodar for å blanda saman fargar. På same måten som nemnd under dekkevne, kan det vere enklare å forstå verkemåten ved å tenke seg at penslane arbeider på eit biletlag over det du eigentleg arbeider på, og så kombinerer desse laga i ein modus som blir sett i dialogvindauget for det øvste laget. Dei ulike måtane å blanda saman laga på, kan gi opphav til mange spesialeffektar. Modusvalet er berre aktivt for dei verktøya som på ein eller annan måte legg farge til biletet, dvs. blyanten, målarpenselen, luftpenselen pennen og kloneverktøya. For dei andre verktøya er valet gråa ut. Du kan finne meir om ulike modus i Del 2, “Lagmodus”

I denne lista er noen modus spesielle og er nærare omtalte i Del 3.1.3, “Eksempel på ulike teiknemåtar” nedanfor.

Dekkevne

Denne glidebrytaren bestemmer kor stor dekkevne verktøyet skal ha, altså kor gjennomsiktig strøket blir. Dette er kanskje lettare å forstå dersom ein tenker seg at glidebrytaren oppretter eit gjennomsiktig lag over det aktive laget og arbeider på dette. Det er faktisk fullt mogleg å gjere det slik også. Opprett eit gjennomsiktig lag over det aktive laget og reguler dekkevna med glidebrytaren i lagdialogvindauget. Brytaren for dekkevne kontrollerer «styrken» til alle teikneverktøya, ikkje berre dei som teiknar på det aktive laget. Verknaden på viskelêret kan vere litt forvirrande i og med at dess høgare dekkevna er dess meir gjennomsiktig er det.

Pensel

Ein pensel tilsvarar i denne samanhengen spissen på teikneverktøyet. Altså kva slag avtrykk verktøyet skal gi. Du finn nærare omtale av desse i Del 6, “Penslar”. Penslane er tilgjengelege for alle teikneverktøya unntatt fyllepennen, som brukar eit eige prosedyregenerert sett. Fargen på penselen blir berre sett når det er meiningsfullt, slik som for blyanten, målarpenselen og luftpenselen. For dei andre teikneverktøya betyr penselvalet berre noe når det gjeld intensiteten til verktøyet.

Storleik

Med denne kan du bestemma nøyaktig kor brei penselen skal vere. Ved å bruke piltastane kan du endre i steg på ±0.01. Bruker du tastane Page-up og Page-Down vil forandringane bli ±0.05 for kvart trykk. Har du sett det opp slik i brukarinnstillingane (Del 9, “Å variere penselbreidda”), kan du også bruke musehjulet.

Sideforhold

Dette bestemmer forholdet mellom høgde og breidde på penselen. Glidebrytaren har ein skala frå -20,00 til 20,00. Normalverdien er sett til 0,00. Blir brytaren sett til ein negativ verdi frå 0 til -20 vil penselen bli lågare. Ein positiv verdi frå 0 til 20 vil gjere penselen smalare.

Vinkel

Dette valet gjer at penselen snur seg rundt midten. Dette er synleg dersom penselen ikkje er rund.

Penseldynamikk

Figur 14.41. Penseldynamikk i verktøyinnstillingane

Penseldynamikk i verktøyinnstillingane

Penseldynamikken gjer at du kan kople ulike penselparametrar saman med ulike dynamiske funksjonar. Dei er tenkt brukt saman med digitale teiknebrett, men noen av dei kan også brukast med datamusa.

Desse er nærare omtalte under dynamikk.

Når du bruker funksjonen for å streke opp ein bane eller eit utval, kan du velje «Bruk penseldynamikk» når har vald å streke opp med eit teikneverktøy. Dette vil gjere at GIMP vil emulere varierande penseltrykk og fart. Trykket byrjar på null og aukar jamnt til fullt trykk for deretter å gå tilbake til null trykk igjen. Farten er i byrjinga sakte, men aukar til full fart ved slutten av oppstrekinga.

Innstillingar for penseldynamikk

Sjå innstillingar for penseldynamikk.

Legg til sitring

Som du sikkert veit, er penselstroka eigentleg laga ved å avsetja penselavtrykka meir eller mindre tett etter kvarandre. Er avstanden liten, gir dette inntrykk av å vere ei kontinuerleg linje. Dersom du aktiverer «sitring», blir penselavtrykka ikkje avsett pent og pynteleg på linje, men spreidde litt tilfeldig utover innføre eit område bestemt av glidebrytaren mengde.

Figur 14.42. Eksempel på bruk av «sitring»

Eksempel på bruk av «sitring»

Ovanfrå og nedover: utan sitring, sitring = 1, sitring = 4.


Sitring er også tilgjengeleg i penseldynamikken der du kan kople sitringa saman med ulike bruksmåtar for penselen.

Mjukare strok

Dette valet endrar ikkje måten penselstroka blir teikna på, men endrar utsjånaden. Det fjernar «skjelvinga» i strekane og kan såleis gjere det litt enklare å lage teikningar med datamusa.

Når du merker av for dette valet, kjem det fram to glidebrytarar, Kvalitet og Vekt som du kan bruke for å tilpasse strokstilen til slik du ønskjer det.

Høg vektverdi gir rettare strek.

Figur 14.43. Eksempel på bruk av mjukare strok

Eksempel på bruk av mjukare strok

Forsøk på å teikne ei rett linje og ei sinuskurve med datamusa. 1: Funksjonen ikkje brukt. 2: Normalinnstillingane. 3: Maksimumsverdiane.


Aukande

The incremental checkbox does not seems to work as everyone expect. If it is deactivated (the default value) the maximum effect of a single stroke is determined by the opacity set in the opacity slider. If the opacity is set to less than 100, moving the brush over the same spot will increase the opacity if the brush is lifted in the meantime. Painting over with the same stroke has no such effect. If Incremental is active the brush will paint with full opacity independent of the slider's setting. This option is available for all paint tools except those which have a rate control, which automatically implies an incremental effect. See also Del 2, “Lagmodus”.

3.1.3. Eksempel på ulike teiknemåtar

Eksemplet viser noen av teiknemåtane brukte i GIMP

Oppløys-modus

Figur 14.44. Eksempel på oppløys-modus

Eksempel på oppløys-modus

Teikning med luftpensel. Til venstre i normalmodus, til høgre i oppløysmodus.


Dersom dekkevna er mindre enn 100 %, vil penselstrøket i staden for å bestemma mengda av farge, finne ut om det skal vere farge eller ikkje farge. Dette er eit svært brukbart modus som kan gi fine stople-effektar.

Figur 14.45. Teikning i modus «oppløys»

Teikning i modus «oppløys»

I dette biletet er det teikna tre raude blyantstrekar på det himmelblå bakgrunnslaget utan alfakanal. Strekane er teikna med 100 %, 50 % og 25 % dekkevne. Strekane er meir eller mindre stopla.


Bak

Figur 14.46. Eksempel på lagmodus «bak»

Eksempel på lagmodus «bak»

Wilber over eit blått bakgrunnslag

Eksempel på lagmodus «bak»

Lagdialogen

Eksempel på lagmodus «bak»

Fyll med mønsterelement


Gjer at fargen berre blir synleg i gjennomsiktige område av laget. Dess meir gjennomsiktig området er, dess mørkare blir fargen. Teiknar du på eit heilt gjennomsiktig område, vil resultatet bli identisk med slik det blir i normalmodus. (Gjeld sjølvsagt berre dersom laget inneheld alfakanal).

I eksemplet er Wilber i det øvste laget omgitt av gjennomsikt. Det nedre laget er einsfarga lyseblått. Det blei brukt fyllverktøyet med Verkar på modus sett til «utval». Heile laget blei markert og fylt med eit mønsterelement.

Dette biletet har to lag der det øvre laget er det aktive. Tre raude blyantstrekar med 100 %, 50 % og 25 % dekkevne. Berre gjennomsiktige og delvis gjennomsiktige pikslar i laget blir farga.

Figur 14.47. Teikning i modus «Bak»

Teikning i modus «Bak»

Frå venstre til høgre: Teikning med 100 %, 50 % og 25 % gjennomsikt


Slett farge

Figur 14.48. Eksempel på lagmodus «Slett farge»

Eksempel på lagmodus «Slett farge»

Wilber over eit blått bakgrunnslag

Eksempel på lagmodus «Slett farge»

Den kvite forgrunnsfargen er fjerna


Med denne innstillinga kan du gjere fargane meir eller mindre gjennomsiktige. Det verkar på same måten som filteret farge til alfa. Dersom laget du arbeider på ikkje støtter alfakanalen, vil modus slett farge vere det same som normalmodus.

I eksemplet er fargen i fyllverktøyet sett til kvit. Dei kvite partia i Wilber blei difor sletta og gjorde den blå bakgrunnen synleg.

Dette biletet har berre eitt lag, det himmelblå bakgrunnslaget. Tre loddrette blyantstrekar med:

  1. same blåfargen som det blå feltet. Berre den blå fargen blir viska ut.

  2. same raudfargen som det raude feltet. Berre den raude fargen blir viska ut.

  3. same blåfargen som bakgrunnslaget. Berre denne blåfargen blir viska ut.

Figur 14.49. Teikning i «Slett farge» modus

Teikning i «Slett farge» modus

Teina med 1: blå, 2: raud og 3: bakgrunnsfargen


3.1.4. Tilleggsinformasjon

Den avanserte brukaren har kanskje interesse av å vite at teikneverktøya arbeider på eit «sub-oiksle-nivå» for å unngå takkete kantar og overgangar. Dette kan føre til at når du nyttar verktøy som skulle gitt harde kantar, som t.d. ein sirkulær pensel, kan oppleva at overgangane berre blir gradvis påverka. Dette vil normalt vere ein fordel, men er av og til ei ulempe, t.d. når du skal klippe ut noe eller arbeider på svært store forstørringar. Då er blyanten den rette reiskapen i og med at denne koplar ut sub-piksel-utjamninga og såleis gir harde kantar same kva pensel du bruker.