5. Fargeverktøya

5.1. Oversyn

Figur 14.139. Fargeverktøya i verktøymenyen

Fargeverktøya i verktøymenyen

Tilgang til fargeverktøya via den «klassiske» verktøymenyen.


Figur 14.140. Fargeverktøya i fargemenyen

Fargeverktøya i fargemenyen

Det er lettast å få tilgang via fargemenyen.


Fargeverktøya blir brukte for å arbeide med biletfargane på ulike måtar:

5.1.1. Forvala for fargeverktøya

Alle fargeverktøya utanom avmetting og posterisering har forval, altså lagra innstillingar som du kan hente når du har bruk for dei.

Tre element:

  • Forval: Denne nedtrekkslista viser dei eksisterande forvala. Kvar gong du endrar verktøyinnstillingane, blir eit nytt forval lagra automatisk med dato og tid.. Ver merksam på at dette krev minneplass i datamaskinen.

  • Krysset: Klikk på denne for å opna eit vindauge der du kan lagra gjeldande innstillingar med kva namn som helst.

  • Den vesle trekanten: Klikk på denne for å få opp den vesle menyen

    Tre val:

    Tre val:

    • Importer innstillingane frå ei fil

    • Eksporter innstillingane til ei fil

    • Handter innstillingane