2.4. Frihandsutvalet (Lassoverktøyet)

Figur 14.18. Symbolet for frihandsutval i verktøykassa

Symbolet for frihandsutval i verktøykassa

Dette verktøyet blir brukt når du har behov for å lage eit utval på frihand ved å teikna med musepeikaren medan du held nede den venstre museknappen. Når du slepp museknappen, vil det siste punktet i markeringa bli kopla saman med det første punktet med ei rett linje. Du kan gå på utsida av biletet og kome inn att, dersom du har behov for det. Lassoen er nyttig når du berre treng eit grovt og unøyaktig utval, men er dårleg eigna til å lage presise utval. Bruker du GIMP ofte, vil du kanskje finna at det er enklaste ofte å grovteikna med frihandsutvalet for deretter å bruke snarmaska for å finjustera detaljane.

Du kan finne meir om utvala og bruken av dei i GIMP i kapitlet Utval. Funksjonar som er felles for utvalsverktøya er omtalte i avsnittet Utvalsverktøya.

[Notat] Notat

Har du tilgang på digitalt teiknebrett, vil du finne at dette er mykje enklare i bruk saman med lassoen enn datamusa.

Frå og med GIMP 2.6 kan du også bruke polygonalutval. I staden for å klikke og dra eit frihandsutval, kan du lage utvalet berre ved å klikke inn ankerpunkt. Når du flytter musepeikaren utan å klikke på nytt, vil du få ei linje ut frå ankerpunktet. Når du klikkar igjen, blir også denne linja forankra og linja blir til eit segment. Held du nede Ctrl-tasten medan du flytter musepeikaren, vil du avgrense flyttevinklane til multiplar av 15°.

Du kan altså blande segment laga med frihandsteikning og segment laga med polygonale segment.

Figur 14.19. Å blande frihandssegment og polygonale segment

Å blande frihandssegment og polygonale segment

2.4.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten

  • frå biletmenyen via VerktøyUtvalsverktøyaFrihandslutval,

  • ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa

  • eller ved å trykke på tasten F.

2.4.2. Valtastar

Dette verktøyet har ingen spesielle innstillingar for valtastane utover dei som er omtalte under felles valtaster.

2.4.3. Å bruke verktøyet

Korleis du kan flytte dette utvalet er nærare omtalt i avsnittet å flytte utval. (Du kan flytte omrisset for utvalet med piltastane, men ikkje med musepeikaren).

Figur 14.20. Eit grovt utval gjort med lassoverktøyet

Eit grovt utval gjort med lassoverktøyet

2.4.4. Innstillingar

Figur 14.21. Innstillingane for «lassoverktøyet»

Innstillingane for «lassoverktøyet»

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Dette verktøyet har ingen spesielle innstillingar utover dei som er omtalte i Del 2.1.2, “Innstillingar”.