3.16. Avskygging/Etterbelysning

Figur 14.98. Symbolet for «Avskygging/Etterbelysning» i verktøykassa

Symbolet for «Avskygging/Etterbelysning» i verktøykassa

Verktøyet for avskygging eller etterbelysning bruker aktiv pensel for å gjere fargane i biletet lysare (avskygging) eller mørkare (etterbelysning) avhengig av modusinnstillinga. Opphavet til denne funksjonen finn vi i mørkerommet, der fotografen kunne gjere deler av biletet lysare ved å skygga for lyset frå forstørringsapparatet, eller mørkare ved å gi ein ekstra dose med lys, dvs «etterbelyse» biletet der dette måtte vere ønskjeleg.

3.16.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten frå

  • frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyaAvskygging/etterbelysning,

  • ved å klikke på symbolet i verktøykassa

  • eller med tastesnarvegen Shift + D.

3.16.2. Valtastane (normalinnstillinga)

Ctrl

Hald nede Ctrl-tasten for å skifter mellom vald funksjon (avskygging eller etterbelysning). Skiftet er aktivt så lenge du held tasten nede.

Shift

Shift-tasten gjer at verktøyet etterbelys/avskygg teiknar rette linjer. Held du nede Shift medan du klikkar på venstre museknapp, vil verktøyet arbeida i ei rett linje. Klikkar du fleire gonger, skjer etterbelysinga/avskygginga i rette linjer frå sluttpunktet til den førre linja.

3.16.3. Innstillingar

Figur 14.99. Innstillingane for verktøyet «Avskygging/etterbelysning»

Innstillingane for verktøyet «Avskygging/etterbelysning»

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Dekkevne, pensel, penseldynamikk, storleik, sideforhold, vinkel, innstillingar for penseldynamikk, sitring,mjukare strok, hard kant
Du finn ei beskriving av innstillingar som gjeld mange eller alle teikneverktøya under felles innstillingar for teikneverktøya.
Type

Innstillinga «type» bestemmer kva som skal vere standard arbeidsmodus. Verktøyet vil skifte til den modus som ikkje er vald når du held nede Ctrl-tasten.

Avskygging gjer fargane lysare.

Verkeområde

Her bestemmer du kva fargetype verktøyet skal verke sterkast på. Du kan velje mellom

  • Skyggar: verknaden er sterkast på mørke fargar.

  • Mellomtoner: verknaden er sterkast på fargar i mellomskiktet.

  • Lyse toner: verknaden er sterkast på lyse fargar.

Eksponering

Definerar kor sterk verknaden skal vere på biletet. Normalinnstillinga er 50, men kan varierast frå 0 til 100. Dess høgare verdi dess sterkare verknad.