5.4. Innfarging

Innfagingsverktøyet omformar det aktive laget eller det aktive utvalet slik at det kan minne om eit svart/kvitt-bilete sett gjennom farga glas. Biletet blir først omforma til gråtoner som deretter blir gjort om til sjatteringar i ønskt farge. Du kan for eksempel bruke dette til å lage ein «sefiaeffekt» i biletet. Innstillingane følgjer HSV-fargemodellen

5.4.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på to måtar:

  • I biletmenyen via Verktøy Fargeverktøy Fargelegg ... eller Fargar Fargelegg ... ,

  • eller ved å klikke på symbolet i verktøykassa dersom verktøyet er installert der. (Installeringa er forklart i Del 1.7, “Verktøykassa”).

5.4.2. Innstillingar

Figur 14.148. Dialogvindauget for innfargingsverktøyet

Dialogvindauget for innfargingsverktøyet

Førehandsinnstillingar

Du kan lagre fargeinnstillingane i biletet ved å klikke på knappen Legg instillingane i favorittar () og hente dei tilbake ved å velje i Førehandsvalde

Trykk på symbolet for å opna denne menyen:

Figur 14.149. Menyen for førehandsval

Menyen for førehandsval

som lar deg Importere innstillingar frå fil eller Eksportere innstillingar til fil og gir deg tilgang til dialogvindauget for å handtere lagringane:

Figur 14.150. Dialogvindauget for å handtere lagra innstillingar

Dialogvindauget for å handtere lagra innstillingar

Vel farge
  • Kulør: Ved hjelp av glidebrytaren, eller skriveboksen, kan du velje kuløren frå HSV-fargesirkelen (0 - 360). Normalinnstillinga er sett til 180.

  • Metning: Ved hjelp av glidebrytaren, eller skriveboksen, kan du velje metning på ein skala frå 0 til 100. Normalinnstillinga er sett til 50.

  • Lysverdi: Ved hjelp av glidebrytaren, eller skriveboksen, kan du velje lysverdi på ein skala frå 0 til 100. Normalinnstillinga er sett til 0.

Førehandsvising

Dersom denne er aktivert, kan du sjå endringane direkte i biletet.