3.4. Fyllverktøyet

Figur 14.59. Symbolet for «Fyll» i verktøykassa

Symbolet for «Fyll» i verktøykassa

Dette verktøyet, som også blir kalla «bøttefyll» eller «flatefyll», fyller eit utval med den gjeldande forgrunnsfargen. Dersom du held nede Shift-tasten medan du bruker fyllverktøyet, vil bakgrunnsfargen bli brukt i staden. Avhengig av korleis innstillingane for verktøyet er sett opp, vil heile utvalet bli fylt, eller berre dei biletpunkta tilsvarande det punktet du klikka på. I verktøyinnstillingane kan du også bestemma dekkevna for fargen verktøyet bruker.

Fyllinga blir også påverka av kva terskelverdi du har sett. Denne verdien styrer kor lik ein farge i biletet må vere den fargen du klikka på for å bli forandra. Terskelverdien bestemmer dermed kor langt fyllinga skal spreie seg, tilsvarande slik tryllestaven verkar. Fyllinga byrjar der du klikka, og spreier seg utover til det møter ein farge eller alfaverdi som blir alt for ulik originalen i høve til avviket sett som terskelverdi.

Når du fyller eit gjennomsiktig lag med farge, som t.d. bokstavar i eit tekstlag, kan du oppleva at kantane framleis inneheld den gamle fargen. Dette kjem av at terskelen er sett for lågt i innstillingane. Når grensa er for låg, vil ikkje halvvegs gjennomsiktige pikslar bli påverka og beheld originalfargen

Dersom du ønskjer å fyll område som er fullstendig gjennomsiktige, må du forsikra deg om at «Lås alfakanal» i lagmenyen ikkje er avkryssa. Dersom dette valet er avkryssa, vil berre ugjennomsiktige område bli fylt.

3.4.1. Aktivering

  • Du kan opna fyllverktøyet frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyFyll,

  • ved å klikke på symbolet i verktøykassa

  • eller med tastesnarvegen Shift + B.

3.4.2. Valtastane (normalinnstillinga)

  • Ctrl-tasten skifter mellom BG-farge (bakgrunnsfarge) og FG-farge (forgrunnsfarge).

  • Shift-tasten skifter mellom Fyll tilsvarande farge og Fyll alt. Hald tasten nede for å få til skiftet.

3.4.3. Innstillingar

Figur 14.60. Innstillingane for «fyllverktøyet»

Innstillingane for «fyllverktøyet»

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Modus, dekkevne

Desse er omtalte under felles innstillingar for teikneverktøya.

Fylltype

GIMP har tre tilgjengelege fylltypar:

Forgrunnsfarge (FG)

Set fyllfargen til den gjeldande forgrunnsfargen vist i verktøykassa.

Bakgrunnsfarge (BG)

Set fyllfargen til den gjeldande bakgrunnsfargen vist i verktøykassa.

Mønsterelement

Set fyllfargen til det gjeldande mønsterelementet vist i verktøykassa. Du kan velje mønster frå nedtrekkslista.

Trykker du på biletet av det aktive mønsterelementet, dukkar det opp ei liste over alle tilgjengelege mønsterelementa som du kan velje mellom. Korleis lista blir presentert er avhengig av kva val du har gjort på dei fire knappane nedst på lista.

Påverka område
Fyll heile utvalet

Fyller heile utvalet eller heile laget om det ikkje er eit utval å fylle. Ein annan måte å gjere det same på, er å klikke-og-dra ønskt farge eller fargemønster frå verktøykassa og over i biletet eller utvalet.

Fyll liknande fargar

Normalt vil berre den fargen du klikka på bli erstatta med fyllfargen. Her kan du velje at også lysare eller mørkare fargetonar skal erstattast. Kor stor slarken skal vere, bestemmer du med glidebrytaren nedst i dialogvindauget.

Finn liknande fargar

Her kan du velje mellom:

Fyll gjennomsiktige område

Vel du denne innstillinga, vil område som er meir eller mindre gjennomsiktige bli fylt med meir eller mindre farge.

Flett synlege

Dersom Flett synlege er aktivert, kan fargane flettast frå alle laga. Du kan t.d. fylle eit lågt lag i bunka med opplysningane henta frå eit lag høgare oppe i bunka. Vel det lågare laget og forviss deg om at det øvre laget er synleg for fargeutjamning.

Terskel

Du bestemmer her kor mykje fargane kan avvika frå den valde fargen og likevel bli påverka av fyllverktøyet. Dess høgare tal dess større område blir fylt, og motsett.

Fyll etter

Her kan du bestemme kva biletkomponentar GIMP skal ta omsyn til for å rekne ut kva område som skal fyllast og grensene for fyllinga.

Du kan velje mellom Samansett, Raud, Grøn, Blå, Kulør, Metning og Lysverdi.

Desse vala er kanskje ikkje heilt enkle å forstå. Dersom du for eksempel har vald raud her, vil verktøyet søke i den raude kanalane etter pikslar med meir eller mindre den fargen du klikka på, avhengig av kva terskelverdi du har sett. Her er eit eksempel (bilete nedst på sida):

Originalbiletet: tre striper med fargeovergangar i reine fargar. Raud (255, 0, 0), grøn (0, 255, 0) og blå (0, 0, 255). Vi vil bruke fyllverktøyet med magentaraudt og terskel sett til 15.

Eksempel 1: Fyll med = Samansett. Vi klikka i kvar av dei tre fargestripene etter tur. Kvar stripe er fylt i høve til terskelverdien

Eksempel 2: Fyll med = Raud. Vi har klikka i den raude stripa. Verktøyet søker i raudkanalen etter nærliggande pikslar med same farge som den du klikka på og nærliggande fargar bestemt av terskelverdien. Berre eit smalt område oppfyller desse krava. Den grøne og i den blå stripa har ingen pikslar i raudkanalen. Desse stripene blir difor ikkje påverka av fargespreiinga.

Eksempel 3: Fyll med = Raud. Vi har her klikka i den grøne stripa. Verdien for den pikselen vi klikka på er 0 i raudkanalen. Alle pikslane i den grøne og den blå stripa har verdi 0 i raudkanalen, altså blir dei farga.

Figur 14.61. Eksempel på «Fyll med»

Eksempel på «Fyll med»

Originalbiletet

Eksempel på «Fyll med»

Eksempel 1

Eksempel på «Fyll med»

Eksempel 2

Eksempel på «Fyll med»

Eksempel 3


3.4.4. Fyll eit utval som har mjuke kantar

Dersom utvalet har mjuke kantar, vil fyllinga bli litt sterkare for kvar gong du klikkar:

Figur 14.62. Eksempel på fylling av mjuke kantar

Eksempel på fylling av mjuke kantar

Originalbiletet

Eksempel på fylling av mjuke kantar

Etter ytterlegare tre klikk med fyllverktøyet