4.4. Dialogen «Biletmalar»

Figur 15.69. Dialogen for å redigere malar

Dialogen for å redigere malar

Biletmalane er mønster for eit biletformat. GIMP inneheld ein god del ferdige malar for vanlege biletformat. Dessutan er det lett å lage sine eigne malar. Når du opprettar eit nytt bilete, har du tilgang på lista over eksisterande malar, men du kan bare laste ned frå denne lista. Skal du redigere lista, må du gå inn i dialogen «biletmalar».

4.4.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, “Dialogar og samlevindauge («dokker»)”.

Du har tilgang til dialogvindauget

  • frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeMalar.

  • eller frå fanemenyen ein annan dialogmeny ved å klikke på fanen og velje Legg til faneMalar

4.4.2. Å bruke maldialogen

Du vel ein mal ved å klikke på ikonet. Dersom du høgreklikkar på ikonet, kjem det opp ein meny med dei same funksjonane som for knappane nedst i dialogvindauget.

4.4.2.1. Rutenett/Liste-modus

I fanemenyen for «biletmalar» kan du velje mellom Vis som tabell og Vis som liste. Dersom du ikkje har gitt malane bestemte ikon (sjå nedanfor korleis du gjer det), vil tabellforma vise ei oppstilling med likeforma ikon. Øvst i vindauget finn du namnet på den valde malen. Dersom du i staden vel listeform, som er den vanlege, vil malane bli lista opp under kvarandre med ikon og namn.

Frå fanemenyen kan du også bruke menyoppføringa Storleik på førehandsvisinga for å vise ikona i eit høveleg format.

[Tips] Tips

tastekombinasjonen Ctrl + F i ei liste vil opne eit søkefelt. Sjå Vis som liste/tabell

4.4.2.2. Knappane nedst

Desse knappane gir deg høve til å utføre ein del operajonar på biletmalane:

Opprett eit nytt bilete frå den valde malen

Klikk på denne knappen for å opne dialogen opprett eit nytt bilete på den valde biletmalen.

Opprett ein ny mal

Klikk på denne knappen for å opna dialogen ny mal. Dette er den same dialogen som blir brukt for å redigera malen, som er vist nedanfor.

Kopier den valde malen

Denne knappen opnar dialogvindauget for å redigere malen.

Rediger den valde malen

Også denne knappen opnar dialogvindauget for rediger mal med data frå den valde malen.

Slett den valde malen

Giss kva?

[Tips] Tips

Alle malane er lagra i ei templaterc-fil i den personlege GIMP-katalogen din. Dersom du vil hente inn igjen malar som du har sletta, kan du kopiere desse frå hovudfila templaterc i etc/gimp/2.0 i GIMP si systemmappe.

4.4.3. Rediger malen

Figur 15.70. Dialogen for å redigere mal

Dialogen for å redigere mal

Denne dialogen blir brukt for å bestemma utsjånaden på den aktuelle malen.

Du har tilgang til denne handteraren frå knappen Rediger malen nedst i dialogvindauget.

Innstillingar

Namn

Her skriv du eventuelt inn eit nytt namn for malen.

Ikon

Klikk på ikonet for å få opp ei liste over alle tilgjengelege ikon. Du vel nytt ikon ved å klikka på det i lista.

Biletstorleik

Her skriv du inn høgde og breidde for det nye biletet. Til vanleg blir desse målt i pikslar, men du kan skifte til ei anna måleening om ønskjeleg frå nedtrekksmenyen. Dersom du gjer dette, må du vere klar over at storleiken i pikslar blir bestemt også ut frå x- og y-oppløysinga. Denne kan du eventuelt forandre i Avanserte innstillingar. Samstundes bør du også setje Punkt for punkt i Vis-menyen.

[Notat] Notat

Det er kanskje unødvendig her å minne om at dersom du lager store bilete med høg oppløysing, vil desse kreve mykje minneplass og kanskje føre til at GIMP blir noe tregare enn vanleg.

Knappane Ståande/Liggande

Her kan du velje mellom ståande eller liggjande papirretning. Det som skjer er at verdiane for høgde og breidde blir bytte om. Dersom biletet er sett opp med ulike verdiar for x- og y-oppløysing, vil også desse verdiane bli bytte om. Til høgre for desse knappane er det lista opp høgde, breidde, oppløysing og fargemodell brukt i det aktuelle biletet.

Avanserte innstillingar

Figur 15.71. Dialogvindauget for «avanserte innstillingar»

Dialogvindauget for «avanserte innstillingar»


Dei avanserte innstillingane er:

X- og Y-oppløysing

Desse innstillingane er helst tenkt brukt dersom du skal trykke biletet. Innstillingane forandrar ikkje storleiken på bilete i pikslar, men bestemmer kor stort biletet skal bli på papiret når det blir trykt. Innstillingane kan også påverke korleis biletet blir vist på skjermen. Dersom «Punkt for punkt» er slått av i Vis-menyen og visinga er sett til 100% zoom i den same menyen, så vil GIMP prøve å vise biletet på skjermen i naturleg storleik rekna ut frå pikselverdiane og oppløysinga. Dette under føresetnad av at biletskjermen er korrekt kalibrert. Dersom denne kalibreringa ikkje blei gjort då GIMP blei installert, kan du gjere det frå dialogenSkjerm i menyen Innstillingar.

Fargemodus

Her kan du bare velje mellom RGB eller gråskala. Skulle du ha ønskje om andre fargemodellar, må du omforma til ønskt modell etter at du har laga biletet.

Fyll med

Du har fire val for kva slag farge bakgrunnslaget skal fyllast med:

  • Forgrunnsfarge er den fargen som er vist som forgrunnsfarge i verktøykassa.

  • Bakgrunnsfarge er den fargen som er vist som bakgrunnsfarge i verktøykassa.

  • Kvit, den mest brukte.

  • Gjennomsikt. Bakgrunnslaget vil bli laga med alfakanal, noe dei tre vala ovanfor ikkje legg inn.

Kommentar

Merknadane du skriv inn her vil bli lagt til biletet som ein såkalla «parasitt» og blir lagra saman med biletet dersom filformatet har støtte for slike.