2.3. Banedialogen

Er du usikker på kva ein bane er i denne samanhengen, kan du finne meir om dette i Del 5, “ Banar.

Figur 15.12. Banedialogen

Banedialogen

Banedialogen blir brukt når du skal arbeide på banar. Frå denne dialogen kan du opprette eller fjerne banar, lagra dei, omforma dei til og frå utval osv.

2.3.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, “Dialogar og samlevindauge («dokker»)”.

Du har tilgang til dialogvindauget

  • frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeBanar

  • eller frå fanemenyen ein annan dialogmeny ved å klikke på fanen og velje Legg til faneBanar

Dersom minst eitt dialogvindauge er ope, kan du i menyen Vindauge finne ei liste over løyste vindauge. Du kan i tilfelle løfte banedialogen frå biletmenyen: Vindaugebanar.

2.3.2. Å bruke banedialogen

Kvar bane høyrer til eitt bilete. Banane er komponentar i biletet på same måten som laga er det. I banedialogen blir det vist ei liste over alle banane som høyrer til det aktive biletet. Bytter du til eit anna bilete, vil banedialogen vise banane i det nye biletet. Dersom banedialogen er lagt i same dialogvindauget som «Lag, kanalar og banar», vil du finne namnet på det aktive biletet øvst i biletmenyen. Skulle bilietmenyen mangla, kan du alltids legge han til ved å velje Vis vald bilete frå fanemenyen.

Dersom du har kjennskap til lagdialogen, vil du sjå at banedialogen på mange måtar er nokså mykje det same. Dialogen viser ei liste over alle banane i biletet, med fire opplysningar for kvar bane:

Synleg bane av/på

Dersom banen er synleg, blir dette vist med eit bilete av eit «ope auge». Dersom banen ikkje er synleg, vil det i staden vere ein blank plass der auget skulle ha vore. Med «synleg» meiner ein her at det blir vist eit spor av banen på biletet. Sjølve banen blir eigentleg ikkje ein del av biletet før han blir strekt opp eller teikna på. Du kan slå visinga av banen av ved å klikka på augesymbolet, og på ved å klikka på plassen der det skulle ha vore.

Lenk saman banar

Til høgre for augesymbolet blir det vist eit «lenkesymbol» dersom banen er lenka saman med andre banar. Elles bare eit blankt område. At banane er lenka saman betyr i denne samanhengen at dersom du t.d. skalerer eller på andre måtar omformar eit bilete, vil dette påverka alle biletdelane som er lenka saman. Du kan slå lenka av ved å klikka på lenkesymbolet, og på ved å klikka på plassen der det skulle ha vore.

Miniatyrbilete

Miniatyren viser ei skisse av banen. Dersom du klikkar på miniatyren kan du dra han over i eit bilete for å lage ein kopi av banen der.

Banenamnet

Namnet på banen må vere unikt. Dersom du gir banen eit namn som er i bruk frå før, vil det bli lagt til eit tal, t.d. «#1» for å gjere det eineståande.

Dersom det finst namn i lista, vil eit av dei vere markerte for å vise kva for bane som er den aktive banen i biletet. Det er denne banen alle operasjonane blir utført på når du bruker dialogmenyen eller knappane nedst i dialogvindauget. Du kan klikke på lista for å gjere ønskt bane aktiv.

Høgreklikkar du på ei av oppføringane i lista, vil du få opp den lokale banemenyen.

2.3.3. Knappar

Knappene nedst i dialogvindauget samsvarar med tilsvarande oppføringar i banemenyen som dukkar opp når du høgreklikkar på lista. Noen av knappane har likevel noen tilleggsfunksjonar som blir tilgjengelege når du held nede ein kontrolltast medan du klikkar.

Ny bane

Knappen Ny bane blir brukt for å opprette ein ny, tom bane. Det dukkar opp eit dialogvindauge der du kan skrive inn namnet på den nye banen. Held du samstundes nede Shift-tasten, vil banen bli lagt til lista med namnet «Ny bane».

Løft banen

Knappen Løft banen flytter den aktive banen eitt hakk oppover på lista.

Senk banen

Knappen Senk banen flytter den aktive banen eitt hakk nedover på lista.

Dupliser banen

Knappen Dupliser banen lagar ein kopi av den aktive banen.

Bane til utval

Omformar den aktive banen til eit utval. Sjå meir om denne prosessen under utval til bane. Du kan bruke kontrolltastane for å bestemme korleis det nye utvalet skal bli lagt inn i høve til eksisterande utval:

Tast Handling
Ingen Byt med eksisterande utval
Forskyv Legg til i utvalet
Ctrl Trekk frå utvalet
Forskyv+Ctrl Snitt med utvalet
Utval til bane

Held du nede Shift-tasten medan du trykker på denne knappen, kjem det opp ein meny med Avanserte innstillingar. Denne er verkeleg avansert og bare nyttig for noen ganske få. (Kanskje difor han ikkje er opna for omsetting?)

Strek opp banen

Knappen Strek opp bane blir brukt for å omforma banen til ei teikning.

Slett banen

Knappen Slett banen blir brukt for å fjerne den aktive banen frå lista og biletet.

2.3.4. Banemenyen

Figur 15.13. Banemenyen

Banemenyen

Den enklaste måte å få fram banemenyen er å høgreklikka på ei vising av ein bane i banedialogvindauget. Men du kan også klikka på fanemenyen og velje banemenyen derifrå. Banemenyen gir tilgang til dei aller fleste funksjonane du kan bruke på ein bane.

Baneverktøy

Dette er bare ein annan måte å få tilgang til baneverktøyet på. Dette verktøyet blir brukt for å opprette og forandre banar. Du kan også bruke snartasten B.

Rediger baneinnstillingane

Denne menyoppføringa lovar nok meir enn ho kan halda, for det einaste du kan bruke ho til, er å gi banen eit nytt namn i dialogvindauget som dukkar opp. Du kan oppnå det same ved å dobbeltklikka på banenamnet i banedialogen.

Ny bane

Dette valet oppretter ein ny bane og legg denne til lista i banedialogen. Den nye banen blir samstundes den aktive banen. Du får også opp dialogvindauget for å gi den nye banen eit namn. Den nye banen har ingen former for ankerpunkt, så du må bruke baneverktøyet for å legge inn slike punkt før du kan bruke banen til noe som helst.

Løft banen

Denne kommandoen flytter banen eitt steg oppover på lista i banedialogen. Kva plass banen har i lista betyr ingenting for bruken av banen, men det kan vere til litt hjelp for å halde oversynet.

Senk banen

Denne kommandoen flytter banen eitt steg nedover på lista i banedialogen. Kva plass banen har i lista betyr ingenting for bruken av banen, men det kan vere til litt hjelp for å halde oversynet.

Dupliser banen

Klikk på denne for å lage ein kopi av den aktive banen, legge kopien inn i lista over banar og gir han same namnet som originalen med prefikset «Kopi av» framføre. Kopien blir gjort til den aktive banen. Legg merke til at kopien bare er synleg dersom originalen er synleg.

Slett banen

Knappen Slett banen blir brukt for å fjerne den aktive banen frå lista og biletet.

Flett saman synlege banar

Dersom du klikkar på denne, vil alle synlege banar i biletet, dvs. banar som har synleg augesymbol i banedialogen, bli henta fram og sett saman til deler i ein og same bane. Dette kan vere nyttig dersom du ønskjer å streke dei opp med t.d. det same strekmønsteret.

Bane til utval, Legg til i utvalet, Trekk frå utvalet og Snitt med utvalet.

Alle desse kommandoane omformer den aktive banen til eit utval og kombinerer dette på ein eller annan måte med det eksisterande utvalet. (Unntaket er «Bane til utval» som erstattar det gjeldande utvalet med det nye). Eventuelle opne banar blir lukka med ei rett linje mellom det første og det siste ankerpunktet. Dei «marsjerande maura» som markerer grensa for utvalet, vil følgje nokså nøyaktig der banen var, men vent ikkje at resultatet skal bli perfekt.

Utval til bane

Du har tilgjenge til denne operasjonen på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via UtvalTil bane

  • Frå banedialogen via Utval til bane.

  • Frå knappen (Utval til bane) nedst i banedialogvindauget.

Utval til bane lager ein ny bane frå omrisset av det aktive utvalet. Som oftast vil banen følgje «dei marsjerande maura» som viser omrisset, men av og til kan det bli små avvik.

Konverteringa av eit todimensjonalt utval til ein eindimensjonal bane treng litt spesiell matematikk. Du kan forandra måten dette blir gjort på ved å opna dialogen Avanserte innstillingar. Denne får du tilgang til ved å halde nede Shift-tasten medan du trykker på knappen Utval til bane () nedst i banedialogen. Dialogen gir deg tilgang til 20 ulike innstillingar og variablar for denne omforminga, alle med kryptiske namn. Denne dialogen er helst tiltenkt utviklarane, men kan kanskje også vere til litt nytte for den avanserte, eller eksperimentelle, brukaren. Normalt vil Utval til bane gjere det du ventar av han utan at du treng bry deg med korleis han fpår det til.

Strek opp bane

Du har tilgjenge til denne operasjonen på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via RedigerStrek opp bane

  • Frå banedialogmenyen via Strek opp bane.

  • Frå knappen Strek opp bane () nedst i banedialogvindauget.

  • Frå knappen Strek opp bane i innstillingane for baneverktøyet

Strek opp bane teiknar den aktive banen på det aktive biletlaget ved hjelp av ulike linjestilar og teiknemåtar. Sjå Del 3.17, “Strek opp utvalet” for meire informasjon.

Kopier bane

Klikk på denne for å legge ein kopi av banen over i utklippstavla for banar slik at du kan lime han inn i andre bilete.

[Tips] Tips

Du kan også kopiere og lime inn ein bane ved å dra miniatyren i banedialogen over til eit biletvindauge.

[Notat] Notat

Når du kopierer ein bane til eit biletet, er banen usynleg. Du må gjere han synleg i banedialogen.

Lim inn bane

Når du klikker på dette valet vil banen som ligg i utklippstavla bli lagt inn i lista i banedialogen. Den nye banen blir den aktive banen. Dersom det ikkje finst ein bane på utklippstavla, vil denne menykomponeneten vere deaktivert.

Importer bane

Klikk på denne for å lage ein ny bane frå ei SVG-fil. Du får opp eit dialogvindauge der du kan finne fram til fila. Sjå meir om SVG-filer og korleis dei kan brukast i GIMP i banar .

Eksporter bane

Ved hjelp av denne kommandoen kan du lagre ein bane i ei fil. Du får opp eit dialogvindauge der du kan velje filnamn og plassering. Denne fila kan du etter behov legge inn i eit bilete ved hjelp av kommandoen Importer bane. Lagringsformatet for banefiler er SVG. Dette betyr at banefilene kan opnast i program for vektorgrafikk som t.d. Sodipodi og Inkscape. Sjå meir om SVG-filer og korleis dei kan brukast i GIMP i banar.