3.5. Palettdialogen

Ein palett er i GIMP ei samling fargar i tilfeldig orden. Du finn meir om dette, og om korleis du kan lage eigne palettar, i Del 12, “Palettar”.

Palettdialogen blir stort sett brukt for å velje kva for palett som skal vere den aktive, men du kan også bruke han for å lage dine eigne palettar. Noen titals, nokså tilfeldig utvalde, palettar blir leverte saman med GIMP.

[Notat] Notat

Det er lett å forveksla palettdialogen med Fargekart for indekserte fargar som er ein tabell med ei avgrensa mengde fargar brukte i indekserte bilete.

3.5.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, “Dialogar og samlevindauge («dokker»)”.

Du har tilgang til dialogvindauget

  • frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugePalettar.

  • eller frå fanemenyen ein annan dialogmeny ved å klikke på fanen og velje Legg til fanePalettar

3.5.2. Å bruke dialogen

Du bestemmer kva for palett som skal vere den aktive ved å klikka på han i dialogvindauget. Samstundes kjem også paletthandteraren opp slik at du mellom anna kan velje forgrunns- og bakgrunnsfarge ved å klikke fargane i paletten. Du kan også bruke piltastane for å velje palett.

Dersom du dobbeltklikkar på namnet til ein palett kan du gi han eit nytt namn dersom dette er ein palett du har laga eller installert sjølv. Det er ikkje råd å gjere forandringar i dei førehandsinstallerte palettane. Dette er vanleg i GIMP. Du får heller ikkje lov til å gjere endringar i penslar, mønsterelement osv. som kjem ferdiginstallerte, bare i dei du lager eller installerer sjølv.

Rutenett/Liste-modus

Figur 15.50. Palettdialogen

Palettdialogen

Tabell-vising

Palettdialogen

Liste-vising


Frå fanemenyen kan du velje om palettane skal visast som tabell eller på listeform. Vel du Vis som tabell, får du opp ei liste med bilete av alle palettane. Sidan du kan sjå mange palettar samstundes, er det nokså enkelt å velje ut den du ønsjer. Dersom du vel å lista opp på listeform, kjem palettane opp pent og pynteleg under kvarandre med ein miniatyr av paletten og namnet hans.

Du kan tilpassa storleiken på fargecellene med valet Storleik på førehandsvisinga.

Tagging

Du kan bruke taggar for å reorganisere visinga av palettane. Sjå Del 3.6, “Tagging”.

Knappane i palettdialogen

Under palettvisinga, nedst i dialogvindauget, er det fleire knappar:

Redigere paletten

Denne knappen opnar Del 3.5.4, “Paletthandteraren”.

Ny palett

Sjå meir om denne knappen på Ny palett.

Kopier palett

Sjå meir om denne knappen på Kopier palett.

Slett palett

Sjå meir om denne knappen på Slett palett.

Oppdater palettane

Sjå meir om denne knappen på Oppdater palettane.

3.5.3. Palettmenyen

Figur 15.51. Palettmenyen

Palettmenyen

Palettmenyen kan opnast ved å høgreklikka i palettdialogvindauget eller ved å opna fanemenyen ved å klikke på .

[Notat] Notat

Noen av dei utlista menyoppføringane er avhengige av at Python-tolkaren er installert. Når dette blir skrive gjeld dette Forskyv paletten, Palett til fargeovergang, Palett til repeterande fargeovergang and Sorter paletten.

Redigere paletten

Du kan opna Paletthandteraren ved å klikke på «Rediger palett» i menyen, ved å dobbeltklikke på ein palett i palettdialogen eller ved å trykke på knappen Rediger palett () nedst i dialogvindauget.

Ny palett

«Ny palett» oppretter ein ny palett, utan namn og utan fargeinnslag. Samstundes blir paletthandteraren opna slik at du kan legge til fargar. Den nye paletten blir automatisk lagra i den private palettes-mappa di når du avslutter GIMP og blir henta inn i palettsamlinga di neste gong du startar GIMP.

Importer palett

Figur 15.52. Dialogen for import av palettar

Dialogen for import av palettar

Med kommandoen «Importer palett» kan du lage ein ny palett med fargane frå ein fargeovergang eller eit bilete. Dialogen som kjem fram, har desse oppføringane:

[Notat] Notat

Tidlegare versjonar av GIMP hadde ein kommando for å «lagra palett». Denne blei tatt bort i versjon 2.4. For å lagra ein palett, om biletet er indeksert eller ikkje, må du importera den frå biletet.

Vel kjelde

Du kan importere paletten frå anten ein av GIMP sine fargeovergangar eller frå eit opna bilete ved hjelp av nedtrekksmenyen. Frå og med GIMP 2.2 kan du også importere RIFF palettfiler, med filutvidinga .pal. Dette er eit format som er mykje brukt i Windows.

To eigenskapar for bilete som kjelde. Desse er bare tilgjengelege for RGB-bilete:

  • Flett synlege: Dette valet gjer at fargane blir henta frå alle synlege laga i biletet. Elles blir fargane henta frå det aktive laget, sjølv om det ikkje skulle vere synleg.

  • Bare markerte pikslar: Pikslane blir henta frå det valde laget eller alle synlege lag, avhengig av innstillinga i det førre valet.

Namn på paletten

GIMP legg inn namnet på kjelda, men dette kan du bare skrive over. Dersom du vel eit namn som finst frå før, vil det få eit tal, f. eks. «#1» i tillegg.

Talet på fargar

Normalinnstillinga er sett til 256 av fleire grunnar. Først fordi kvar fargeovergang inneheld 256 ulike fargar. Deretter fordi GIF-filer ikkje kan innehalde meir enn 256 fargar, og endeleg fordi indekserte bilete i GIMP ikkje kan innehalde meir enn 256 ulike fargar. (I den digitale verda er 256 eit greitt og rundt tal). Du kan likevel bruke så mange fargar du ønskjer. Når du skriv inn eit tal her, vil GIMP prøve å fordele dei tilgjengelege fargane jamnt utover paletten.

Kolonner

Her bestemmer du kor mange kolonner paletten skal setjast opp med. Dette verkar bare inn på korleis paletten blir vist, og har ingen innverknad på bruken av paletten.

Intervall

Sjølv om talet på fargar er sett til maksimum, kan paletten likevel ikkje ikkje innehalde meir enn 10 000 fargar. Eit RGB-bilete kan innehalde mange fleire fargar enn dette. Valet Intervall er meint å redusere fargane til under 10 000 ved å samle fargar som er nokså like i ein farge. Sidan dette problemet ikkje finst ved 256 fargars indekserte bilete, vil intervall = 1 avgrense paletten til 256 fargar. Inneheld biletet flerie fargar er valet gråa ut.

Den importerte paletten blir automatisk lagra i den personlege palettes-mappa di når du avslutter GIMP og dukkar opp i palettdialogen når du startar opp igjen GIMP.

Kopier palett

Denne kommandoen lagar ein ny palett ved å kopiere den aktive paletten og opnar deretter for paletthandteraren slik at du kan gjere dei nødvendige forandringane. Den redigerte paletten blir automatisk lagra i den personlege palettes-mappa di når du avslutter GIMP og dukkar opp i palettdialogen når du startar opp igjen GIMP.

Flett saman palettane

Denne kommandoen er førebels ikkje tilgjengeleg, og vil alltid vere «gråa ut» som uverksam.

Kopier palettadressa

Denne kommandoen vil kopiere adressa for palettfila over på utklippstavla. Du kan deretter lime inn adressa t.d. i ein tekstbehandlar.

Slett palett

Denne kommandoen fjernar paletten både frå palettdialogen og frå lageret. Difor blir du alltid spurd om du verkeleg vil dette. Legg merke til at du bare kan fjerne palettar som du har installert sjølv, ikkje dei som følgjer med GIMP.

Oppdater palettane

Denne kommandoen går i gjennom alle mappene dine på jakt etter palettar og legg nye funn til palettdialogen. Dette er som oftast enklare enn å starte GIMP på nytt.

Forskyv palettfargane

Kommandoen opnar eit dialogvindauge:

Figur 15.53. Dialogen «Forskyv palettfargane»

Dialogen «Forskyv palettfargane»

Denne kommandoen flytter den siste fargen i paletten først og forskyv resten av fargane eitt steg mot høgre. Talet du skriv inn bestemmer kor mange gonger forskyvinga skal utførast.

Dersom forskyvinga er negativ, blir den første fargen flytt til sist i paletten og resten av fargane forkjøve mot venstre.

Figur 15.54. Eksempel på bruk av «Forskyv paletten»

Eksempel på bruk av «Forskyv paletten»

Ovanfrå og nedover: den originale paletten, forskyv = 1, forskyv = 2.


Palett til fargeovergang

Denne kommandoen lager ein fargeovergang av alle fargane i paletten. Denne fargeovergangen blir den aktive og blir også lagra i overgangsdialogen. Fargeovergangen vil innehalde like mange segment som det er fargar i paletten.

Palett til repeterande fargeovergang

Denne kommandoen lager ein repeterande fargeovergang av alle fargane i paletten. Denne fargeovergangen blir den aktive og blir også lagra i overgangsdialogen og får eitt segment meir enn talet på fargar i paletten. Den venstre fargen i segmentet lengst til venstre får same fargen som den høgre fargen i segmentet lengst til høgre.

Figur 15.55. Eksempel på «Palett til repeterande fargeovergang»

Eksempel på «Palett til repeterande fargeovergang»

Øvst den originale paletten, deretter fargeovergangen laga med denne kommandoen.


Sorter paletten...

Denne kommandoen opnar eit dialogvindauge der du kan sortere fargane i paletten ut frå følgjande kriteriar:

Figur 15.56. Dialogen «Sorter paletten»

Dialogen «Sorter paletten»

  • Fargemodell: Du kan velje RGB eller HSV

  • Sorter kanal: Dette er kva kanal som skal sorterast. Du kan velje mellom dei tre RGB-kanalane eller dei tre HSV-kanalane etter kva fargemodell som er vald.

  • Aukande (Normalt sett til ja): Verdiane blir sortert frå lågaste til høgaste. Du kan klikke på Ja for å endre denne til Nei og såleis sortere i minkande rekkefølgje.

3.5.4. Paletthandteraren

Figur 15.57. Paletthandteraren

Paletthandteraren

Paletthandteraren blir brukt til to ting. Det eine er å velje forgrunns- og bakgrunnsfarge frå ein palett. Det andre er for å redigere ein palett. Du kan aktivere paletthandteraren for alle palettane i dialogen, men du får bare lov til å gjere endringar i dei palettane du har lagt inn sjølv. Vil du gjere endringar i dei som kjem ferdiginstallerte med GIMP, må du først lage ein kopi og deretter arbeide på kopien. Alle endringar blir lagra automatisk når du avslutter GIMP.

3.5.4.1. Aktivering

Paletthandteraren er bare tilgjengeleg frå palettdialogen ved å dobbeltklikke på ein palett, ved å trykke på knappen Rediger palett () nedst i dialogvindauget eller ved å velje Rediger palett frå palettmenyen.

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, “Dialogar og samlevindauge («dokker»)”. Du kan aktivere dialogen på to måtar:

3.5.4.2. Å bruke paletthandteraren

Dersom du klikkar på ein av fargane i paletten, vil denne bli gjort til forgrunnsfarge, eller til bakgrunnsfarge dersom du samstundes held nede Ctrl-tasten. Det er desse fargane som blir viste i fargeområdet i verktøykassa.

Dobbeltklikkinga opnar også fargehandteraren slik at du eventuelt kan redigere fargen, dersom paletten er slik at du får lov til dette.

Du kan opna menyen for paletthandteraren ved å høgreklikke på visingsområdet for paletten. Funksjonane i denne menyen er stort sett dei same som for knappane nedst i dialogvindauget.

Like under biletet av paletten finn du ein tekstboks der du kan skrive inn namn på den valde fargen, eller «Untitled» dersom han ikkje har noe namn. Dette namnet har ingen annan funksjon enn å gjere det lettare å hugsa fargen.

Til høgre for namneboksen finn du ei rute der du kan bestemme kor mange kolonner paletten skal visast med i dialogvindauget. Også dette valet er utan effekt på bruken av paletten, bare korleis han skal sjå ut. Dersom du set valet til 0, vil GIMP bruke normalinnstillinga.

Nedst i dialogvindauget finn du noen knappar som stort sett gjer det same som vala i menyen for paletthandteraren. Knappene, som bare er aktive dersom du har lov til å gjere endringar i paletten, er:

Lagra

Trykk på denne knappen for å lagra paletten i den private palettes-mappa di. Dersom du ikkje bruker denne knappen, vil GIMP lagra paletten når du sluttar av. Knappen er mest nyttig dersom du er redd for at GIMP skal krasje før du avslutter på normal måte.

Tilbakestill

Denne knappen er førebels ikkje i bruk.

Rediger farge

Opnar for fargehandteraren slik at du kan forandra fargen. Dersom du ikkje har tilgang til paletten, vil knappen ikkje verke. Sjå below

Ny farge frå forgrunnen

Sjå meir om denne knappen på nedanfor.

Slett farge

Sjå meir om denne knappen nedanfor.

Forminsk

Sjå meirom denne knappen nedanfor.

Forstørr

Sjå meir om denne knappen nedanfor.

Tilpass

Sjå meir om denne knappen nedanfor.

3.5.5. Menyen for paletthandteraren

Figur 15.58. Menyen for paletthandteraren

Menyen for paletthandteraren

Menyen for paletthandteraren er tilgjengeleg ved å høgreklikke på visinga av paletten i paletthandteraren eller ved å gå inn via fanemenyen. Du kan gjere dei same operasjonanene ved å bruke knappane nedtst i dialogvindauget for paletthandteraren.

Rediger farge

Denne kommandoen opnar for ein fargehandterar slik at du kan redigere den valde fargen i paletten. Knappen er bare aktiv dersom du har lov til å gjere endringar i paletten. Du kan ikkje gjere endringar i palettar som blir leverte saman med GIMP.

Ny farge frå forgrunn/bakgrunn

Desse kommandoane lager ein ny palettfarge ved å hente farge frå for- eller bakgrunnen som vist i verktøykassa.

Slett farge

Denne kommandoen fjernar den valde fargen frå paletten. Knappen er bare aktiv dersom du har lov til å gjere endringar i paletten.

Forminsk

«Forminsk» vil redusere høgda i visinga av paletten.

Forstørr

«Forstørr» vil auke høgda i visinga av paletten.

Tilpass

Tilpassar høgda på palettvisinga til høgda på dialogvindauget.

Rediger aktiv palett

Når denne er avmerka, som er normalinnstillinga, kan du redigere ein palett ved å klikka på han i dialogvindauget «palettar».