7.53. Beskjer til utvalet

Kommandoen Beskjer til utvalet klipper bort det aktive laget til ytterkantane av utvalet ved å fjerne alt som er fullstendig umarkert. Område som er delvist markerte blir ikkje klipt bort. Dersom det ikkje er noko uval i biletet, er kommandoen deaktivert (er grå i menyen).

7.53.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagBeskjer til utval

7.53.2. Eksempel

Figur 16.121. Bruk av «Beskjer til utvalet»

Bruk av «Beskjer til utvalet»

Til venstre: Før beskjeringa. Laget har eit utval med mjuk kant.

Til høgre: Etter beskjeringa. Ugjennomsiktige pikslar er ikkje skorne bort sjølv om dei er bare delvis gjennomsiktige.