6.11. Lerretformat

Lerretet er det synlege området av eit bilete. Som standard vil storleiken på lerretet vere den same som storleiken på laga. Kommandoen Lerretformat vil opna dialogvindauget Set format på biletlerretet der du kan gjere lerretet større eller mindre. Om ønskjeleg kan du også endra storleiken på laga. Når du gjer lerretet større, vil det bli ein ledig plass rundt innhaldet av biletet. Gjer du lerretet mindre, vil det synlege området av biletet bli redusert. Laga blir ikkje endra og vil vere tilgjengelege utføre lerretkanten.

Når du reduserer lerretet, vil lerretgrensa bli vist som ein tynn, negativ kant i miniatyren. Musepeikaren viser flyttesymbolet. Klikk og dra biletet innføre lerretramma.

6.11.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet på biletmenyen via BileteLerretstorleik

6.11.2. Beskriving av dialogvindauget Lerretstorleik

Figur 16.60. Dialogvindauget Lerretstorleik

Dialogvindauget Lerretstorleik

Lerretformat

Breidde; Høgde

Du kan bestemma Breidde og Høgde på lerretet. Til vanleg blir desse målt i pikslar, men du kan velje andre måleeiningar etter behov frå nedtrekkslista, eller du kan velje prosent dersom den nye dimensjonen skal vere relativ i høve til lagformatet. Dersom lenka til høgre for breidde og høgde ikkje er broten, vil breidde og høgde få same relative forholdet som i biletet. Bryt du lenka ved å klikka på ho, kan du setje breidde og høgde uavhengig av kvarandre.

Same kva måleeining du bruker vil informasjonen om breidde og høgde alltid bli vist i pikslar like under felta Breidde og Høgde saman med informasjon om oppløysinga. Du kan ikkje endra biletoppløysinga i denne dialogen. Har du slike ønskje, kan du sjå meir om dette i Del 6.14, “Utskriftformat”.

Forskyving

Verdiane i Forskyving bestemmer plasseringa av biletet (biletet, ikkje det aktive laget) på lerretet. Resultatet blir vist i førehandsvisinga. Dersom lerretet er mindre enn biletet, syner førehandsvisinga lerretet som ei tynn, svart ramme.

X; Y

X og Y spesifiserer koordinata for det øvre, venstre bilethjørnet i høve til det tilsvarande lerrethjørnet. Verdiane er negative dersom lerretet er mindre enn biletet. Du kan plassere biletet på ulike måtar (men koordinata kan ikkje gå ut over lerretkanten):

  • ved å klikke og dra biletet,

  • ved å skrive verdiar i innskrivingsboksane X og Y

  • ved å klikke på dei små pilspissane. Dette vil endre verdien med ein piksel (eining).

  • Når ein tekstboks er fokusert, kan du bruke piltastane Opp og Ned for å endre med ein piksel (ei eining), eller PageUp og PageDown for å endre med 10 pikslar (einingar) om gongen.

Lag

Før versjon 2.4 av GIMP hadde «lerretformatet» ingen verknad på lagstorleiken. For å forandre lagformatet måtte du bruke kommandoen set laggrensene. I innstillinga «lag» kan du nå spesifisera kva for lag, om noen, som skal tilbakestillast til ny storleik:

Figur 16.61. Liste over moglege tilbakestillingar

Liste over moglege tilbakestillingar

  • Ingen: Normalinnstillinga. Bare lerretet blir forandra.

  • Alle laga: alle laga blir tilbakestilte til same format som lerretet.

  • Lag med same format som biletet: Bare desse laga blir tilbakestilte til same format som lerretet har.

  • Alle synlege lag: Bare dei laga som er merka med symbolet blir tilbakestilte til same format som lerretet har.

  • Alle samanlenka lag: Bare dei laga som er lenka saman, og altså merka med symbolet i lagdialogen blir tilbakestilte til same format som lerretet har.

Sentrer

Knappen Sentrer sentrerer biletet på lerretet. Verdiane for forskyving blir rekna ut automatisk og vist i tekstboksane.

[Notat] Notat

Når du klikkar du på knappen Endre storleik, blir lerretet sett til dei valde verdiane. Sjølve biletet og visinga av det, blir ikkje forandra.

Dersom lerretet blir større enn biletet, vil det ikkje vere noe lag i området rundt biletet. Dette området er gjennomsiktig, noe som blir markert med sjakkbrettmønsteret. Skal du arbeide på denne delen av lerretet, må du gjere det om til eit biletlag først. Dette kan du gjere med å flate ut biletet. Dette gir eit bilete med eitt lag. Er dette lite ønskjeleg, kan du i staden utvida det aktive laget med kommandoen laget til biletformatet. Endeleg kan du kreere eit heilt nytt lag og fylle dette med den bakgrunnen du ønskjer. Dette vil gi ein digital «passe-partout» (ei slags pappramme med opning for biletet).

6.11.3. Eksempel

Figur 16.62. Originalbiletet

Originalbiletet

Vi byrja med eit grønt bakgrunnslag på 100 × 100 pikslar og får samstundes eit lerret med same storleiken. Deretter legg vi inn eit raudt lag på 80 × 80 pikslar. Dette definerer også lerretstorleiken. Omrisset for det aktive laget er markert med ei svart og gul prikkelinje. Det raude laget er mindre enn lerretet. Det ubrukte området er gjennomsiktig. Bakgrunnsfargen i verktøykassa er sett til gul.


Figur 16.63. Lerretet er forstørra (laga er uendra)

Lerretet er forstørra (laga er uendra)

Lerretet er nå forstørra til 120 × 120 pikslar. Laga er uendra. Den delen av lerretet som ikkje er dekka av biletlaga er gjennomsiktig.


Figur 16.64. Lerretet er forstørra (alle laga er endra)

Lerretet er forstørra (alle laga er endra)

Lerretet er sett til 120 × 120 pikslar. Alle laga er forstørra til same storleik som lerretet. Den ufarga delen av det raude laget er gjennomsiktig og gul (bakgrunnsfargen i verktøykassa) i det grøne bakgrunnslaget.


6.11.4. Kva kan dette brukast til?

Dersom du ønskjer å legge noe til rundt biletet, forstørrer du lerretet, legg til eit nytt lag med same storleik som det nye lerretet og teiknar på det nye laget. Dette er det motsette av å beskjere.

Du kan også bruke denne kommandoen for å beskjere eit bilete:

Figur 16.65. Sett lerretformat

Sett lerretformat

Opna lenka mellom breidde og høgde ved å klikka på henne. Ved å forandra breidde og høgde og å prøva seg fram med å flytte biletet i høve til lerretet, kan du beskjere biletet eller deler av biletet etter ønskje. Når resultatet er slik du vil ha det, klikkar du på Senter-knappen og deretter på Tilbakestill-knappen.

Figur 16.66. Beskore bilete

Beskore bilete

[Notat] Notat

Som oftast vil du likevel finne at det er enklare å bruke beskjeringsverktøyet.