10.4. Tilbakestill alle filtra

Til vanleg blir dialogen for programtillegga viste med dei innstillingane du hadde sist programmet var i bruk. Dette kan bli eit problem dersom har gjort ein feil og ikkje hugsar originalinnstillingane. Ein måte å gjere det på, er å avslutte GIMP og starte på nytt igjen. Ein enklare måte kan vere å bruke kommandoen Tilbakestill alle filtra. Dette kan vere drastisk i og med at alle programtillegga blir tilbakestilte til normalinnstillingane. Difor får du eit spørsmål om du vil gjerre dette. Denne kommandoen kan ikkje angrast.

10.4.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne menyposten på biletmenyen via FilterTilbakestill alle filtra