2.9. Lagra som

Posten Lagra som opnar menyen «Lagra biletet». Frå og med GIMP-2.8 vil biletet automatisk bli lagra i XCF-formatet. Det er ikkje råd å lagra i andre format. (Du må i tilfelle eksportere biletet til andre format). Det einaste du kan gjere frå denne menyen er å lagre biletet med eit anna namn og/eller i ei anna mappe.

2.9.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette innslaget på biletmenyen via FilLagra som

  • eller med snarvegen Shift + Ctrl + S.

2.9.2. Dialogvindauget for «Lagra biletet»

Figur 16.12. Dialogvindauget for «Lagra biletet»

Dialogvindauget for «Lagra biletet»

  1. Det venstre panelet er delt i tre delar. Dei to øvre delene viser hovudmappene og lagringsmedia. Denne delen av lista er maskinavhengig og kan ikkje endrast av brukaren. Den nedre lista viser bokmerka dine. Du kan legge til eller fjerne desse. For å legge til eit bokmerke vel du ei mappe eller ei fil i det midtre panelet og klikkar på Legg til-knappen nede til venstre. Du kan også bruke Legg til i bokmerkene i lokalmenyen som kjem fram når du høgreklikkar i dialogvindauget. Eit bokmerke kan fjernast ved å markere det og deretter klikke på Fjern-knappen.

  2. Det midtre panelet viser filene og eventuelle mapper i den opne katalogen. Du kan bytte mappe ved å dobbeltklikke med venstre museknappen på mappene eller velje ei fil ved å (enkelt)klikke på henne. Dersom du dobbeltklikkar på fila, blir ho lagra direkte. Den vanlege måten er å markere fila og deretter trykke på knappen Lagra.

    Du kan også høgreklikke i midtpanelet for å få fram kommandoen Vis gøymte filer.

  3. Det valde biletet blir vist i vindauget Førehandsvis. Nedføre førehandsvisinga blir det også vist opplysningar om filnamn, filstorleik og oppløysinga for biletet.

    Dersom biletet er modifisert av eit anna program, klikk på førehandsvisinga for å oppdatere visinga.

  4. Skriv namnet på den nye biletfila her.

    [Notat] Notat

    Dersom fila er lagra frå før, føreslår GIMP det same filnamnet. Trykker du på Lagra blir den lagra fila overskrive av den nye.

  5. Stien for den gjeldande mappa blir vist over det midtre panelet. Du kan navigere langs denne stien ved å klikke på knappane.

  6. Dersom du ønskjer å lage ei ny mappe, er det berre å trykke på knappen Opprett mappe og følgje instruksjonane.

  7. Denne knappen syner normalt Alle filer. Dette betyr at alle filtypane blir viste i midtpanelet, også om dei ikkje er biletfiler. Du kan filtrere denne visinga til ein bestemt filtype.

  8. I Vel filtype kan du velje eit komprimert format for XCF-fila di.