2.4. Opna

Kommandoen Opna opnar eit dialogvindauge slik at du kan lasta inn eksisterande bilete frå harddisken eller eit eksternt lagringsmedium. Det finst også andre måtar å opne biletfiler på, t.d. Del 2.5, “Opna som lag” og andre.

2.4.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dialogvindauget Opnafrå eit biletvindauge via FilOpna

  • Du kan også opna dialogvindauget med snarvegen Ctrl + O.

2.4.2. Bla gjennom filene

Figur 16.10. Dialogvindauget for opning av bilete

Dialogvindauget for opning av bilete

Denne utforskarmenyen liknar mange andre utforskarmenyar, men sjølvsagt med nokre spesialfunksjonar. Dei fleste er sjølvforklarande.

  1. Knappen Skriv eit filnamn slår visinga av innskrivingsområdet Stad (dvs. adressa til fila).

    Tastekombinasjonen Ctrl + L gjer det same som denne knappen.

  2. Du kan skrive stien til ei biletfil i tekstboksen Stad. Dersom du ikkje skriv noko, vil namnet på den valde fila bli vist her. Etter kvart som du skriv inn vil det bli vist ei liste med filnamn som byrjar på dei bokstavane du har skrive inn.

    Når du søker etter ei fil eller mappe med funksjonen Søk (sjå punkt 4 nedanfor) vil merkelappen bli endra til Søk og du kan skrive inn eit namn i denne tekstboksen.

  3. Stien for den gjeldande mappa blir vist. Du kan navigere langs denne stien ved å klikke på knappane.

  4. Med Søk kan du leite etter ei fil eller mappe sjølv om du ikkje veit det nøyaktige namnet. Klikk på Søk og skriv inn eit filnamn eller deler av det og trykk Enter-tasten. Det vil nå dukke opp ei liste i sentrumsramma (7) over alle filer og mapper i det aktuelle området med namn som inneheld teksten du skreiv inn. Diverre kan du ikkje avgrense søkeområdet til bestemte filtyper (10).

    Opna tidlegare brukte treng vel ikkje nærare forklaring.

  5. Du har her tilgang til hovudmappene i datamaskinen og andre lagringsmedia.

  6. Her kan du bokmerke mappene ved å trykke på knappane Legg til eller Legg til i bokmerke som kjem fram når du høgreklikkar på ei mappe i den midtre delen av panelet. Du kan også fjerne merkinga.

  7. Her blir innhaldet i den valde mappa vist. Du kan bytte mappe ved å dobbeltklikke med venstre museknappen på mappene eller velje ei fil ved å (enkelt)klikke på henne. Du kan nå opna den valde fila ved å trykke på lnappen Opna, eller ved å dobbeltklikka på fila. Du kan berre opne biletfiler.

    Høgreklikk på mappenamnet for å få opp ein lokalmeny.

    Menyen for mappeinnhaldet
  8. Det valde biletet blir vist i førehandsvisinga. Dersom GIMP kjenner igjen filformatet, vil opplysningar om filnamn, filstorleik og oppløysinga for biletet bli vist under førehandsvisinga.

    [Tips] Tips

    Dersom biletet er modifisert av eit anna program, klikk på førehandsvisinga for å oppdatere visinga.

  9. Du bokmerker den valde mappa ved å trykke på knappen Legg til.

    Du fjerner bokmerkinga av den valde mappa ved å trykke på knappen Fjern.

  10. Til vanleg vil namna for Alle bileta bli vist, men du kan også vise Alle filer. Endeleg kan du avgrense visinga til å gjelde bestemte bilettypar som GIF, JPG, PNG osv.

  11. Den vesle knappen Vel filtype er normalt sett til Funne automatisk. Dette betyr at GIMP bestemmer filtypen automatisk. Til vanleg treng du ikkje bruke denne lista. Berre i heilt sjeldne tilfelle der det er uråd å bestemma filtypen ut frå filendinga og interne fildata kan det hende du må bruke lista og velje filtype manuelt.