5.6. Eksportere fil

I GIMP-2.8 vil lagra-komandoen lagre bileta i XCF-format. For å lagre i andre format, må du bruke eksportkomandoen.

Du kan aktivere denne kommandoen frå biletmenyen via FilEksporter som … eller frå tastaturet med snartastane Ctrl + Shift + E.

Figur 15.78. Dialogvindauge for eksport

Dialogvindauge for eksport

5.6.1. Dialogvindauget for eksport

Med denne filutforskaren kan du redigere filnamn og filutvidingar direkte i namneboksen (førehandsinnstillinga er «Utan namn.png»), eller ved å velje eit filnamn frå namnelista. Du må også besstemme frå Lagra i mappe kva mappe biletet skal lagrast i eller opprette ei ny mappe.

Vel filtype. Dersom du vel denne, kan du velje ei filutviding i nedtrekkslista

Dialogen for filformat er omtalt i Del 1, “Filer”.

5.6.2. Eksporterer

Når finamnet og lagringsplassen er vald, klikk på knappen Eksporter for å få opp dialogvindauget for det spesifiserte filformatet.

Dersom du har lasta inn ei fil som ikkje er i XCF-format, vil det kome fram ei ny oppføring i filmenyen slik at du får høve til eksportere fila i same formatet. Dette vil overskrive den gamle fila.

Dersom du gjer endringar i eit bilete som alt er eksportert, vil kommandoen Eksporter i filmenyen bli endra slik at du kan eksportere fila igjen i det same formatet.