3.5. Angrelogg

Kommandoen Angrelogg opnar dialogen for angreloggen. Her finn du miniatyrbilete av kvar av operasjonane du har gjort på biletet ditt. Dette oversynet gjer det enklare å velje kva biletet du vil kalle fram igjen.

Du kan bruke pilene for Angre og Gjenta, eller ganske enkelt klikka på miniatyren, for å henta det biletet du ønskjer. Dette kan vere nyttig når du arbeider med vanskelege bilete. Det er enklare å klikke ein gong enn å utføre Ctrl+Z ti gonger.

Kommandoen Tøm angreloggen kan vere nyttig når du arbeider på svært komplekse bilete og ønskjer å frigjere minne.

3.5.1. Aktivering

  • Du får tilgang til denne menyoppføringa frå biletmenyen via RedigerAngrelogg. Denne menyposten har ingen tastesnarveg.