3.3. Gjenta

Kommandoen Gjenta reverserer det kommandoen Angre har gjort. Kvart einaste «Angre» har sitt tilsvarande «Gjenta». Du kan veksle mellom «Angre» og «Gjenta» så mykje du lystar. Legg merke til at du kan «Gjenta» ein operasjon bare dersom det siste du gjorde var å «Angre». Har du gjort det minste arbeidet på biletet, vil du ikkje kunne gjenta noe som er angra. Sjå meir om dette i avsnittet Å gjenta.

Får å sjå operasjonane du har angra og gjentatt, kan du gå inn på dialogvindauget angrelogg.

3.3.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne menyoppføringa frå biletmenyen via RedigerAngre

  • eller med snarvegen Ctrl+Y.

  • eller ved å klikka på ønskt linje i angreloggen.