3.13. Tøm utvalet

Kommandoen Tøm utvalet fjernar innhaldet i det gjeldande utvalet, eller i heile biletlaget dersom det ikkje er noe utval i biletet. Viss det aktive laget inneheld ein alfakanal, vil det tømte området bli gjennomsiktig. Du kan få tilbake originalfargen i det gjennomsiktige området ved å bruke viskelêret sett til «visk inn». Dersom laget manglar alfakanal, blir det tømte arealet fyllt med gjeldande bakgrunnsfarge.

Å tømme eit utval fjernar ikkje sjølve utvalet. I motsetnad til «klipp ut», legg «tøm utvalet» heller ikkje det fjerna området på utklippstavla. Utklippstavla er uforandra.

3.13.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne menyoppføringa frå biletmenyen via RedigerTøm utvalet

  • med snarvegen Delete