3.12. Buffer

Figur 16.19. Undermenyen «Buffer» i menyen «Rediger»

Undermenyen «Buffer» i menyen «Rediger»

Kommandoane i denne undermenyen arbeider på namngitte bufferar. Du kan bruke bufferdialogen for å vise og behandla dei bufferane du har laga og gitt namn.

3.12.1. Aktivering

Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via RedigerBuffer.

3.12.2. Vala i undermenyen

Klipp ut namngitt

Kommandoen Klipp ut namngitt klipper ut det valde området på vanleg måte, men i staden for å lagra utklippet på den generelle utklippstavla, blir det lagra i ein spesiell buffer som du kan namngi i dialogvindauget som dukkar opp.

Kopier med namn

Kommandoen Kopier namngitt kopierer det valde området på vanleg måte, men i staden for å lagra kopien på den generelle utklippstavla, blir han lagra i ein spesiell buffer som du kan namngi i dialogvindauget som dukkar opp.

Kopier synlege namngitt

Kommandoen Kopier synlege namngitt kopierer innhaldet i frå alle dei synleg laga i det valde området på vanleg måte, men i staden for å lagra kopien på den generelle utklippstavla, blir han lagra i ein spesiell buffer som du kan namngi i dialogvindauget som dukkar opp.

Lim inn namngitt

Kommandoen Lim inn namngitt opnar bufferdialogen. Ved å velje ein av bufferane i lista og trykke ein av knappane kan du anten lime inn, lime inn i eller lime inn bufferen som ny buffer.