4.3. Dokumentlogg

Figur 15.68. Dialogen for dokumentloggen

Dialogen for dokumentloggen

Denne dialogen opnar ei liste over dokument, dvs. bilete, du har opna tidlegare. Denne loggen er fyldigare enn den du får frå «tidlegare opna filer» i verktøykassa.

4.3.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, “Dialogar og samlevindauge («dokker»)”.

Du har tilgang til dialogvindauget

  • frå biletmenyen: VindaugeDialogvindaugeDokumentlogg.

  • frå fanemenyen ein annan dialogmeny ved å klikke på fanen og velje Legg til faneDokumentlogg

  • eller frå biletmenyen via FilOpna tidlegare brukteDokumentlogg

4.3.2. Å bruke dialogen for dokumentloggen

Ved hjelp av rulleknappen kan du bla deg gjennom alle bileta du har opna tidlegare.

Frå fanemenyen i dokumentloggen kan du velje mellom to ulike visingsformer: Vis som tabell, som viser bufferen i nettopp tabellform, og Vis som liste, som viser bufferane linje for linje der kvar linje viser ei førehandsvising av bufferinnhaldet, namnet og storleik i pikslar. Sjå i Del 2.3, “Dialogar og samlevindauge («dokker»)” korleis du kan tilpassa førehandsvisinga.

[Tips] Tips

Tastekombinasjonen Ctrl + F opnar ei søkefil. Sjå Vis som liste/tabell

Knappen Opna den valde oppføringa () eller menyvalet Opna bilete på lokalmenyen for dialogen kan brukast for å opna det valde bilete. Dersom du held nede Shift-tasten samstundes, vil biletet bli løfta opp og sett fremst på skjermen. Held du nede Ctrl-tasten samstundes med at du trykker på knappen, blir dialogen «Opna biletet» opna.

Du kan bruke knappen Fjern den markerte oppføringa (

Bruk knappen Tøm heile filloggen eller kommandoen Tøm loggen i lokalmenyen for dialogen for å fjerne filer frå loggen.

Bruk knappen Oppdater førehandsvisinga () eller Oppdater førehandsvisinga på lokalmenyen for dialogen dersom det er gjort endringar. Dersom du samstundes held nede Shift-tasten, vil heile lista bli oppdatert. Den viktigaste bruken er kanskje likevel når du held nede Ctrl-tasten medan du trykkar på knappen. Då vil alle hengande oppføringar bli utelatne frå lista. Ei hengande oppføring er ei oppføring som er forsvunne frå den oppførte adressa, og altså ikkje kan lastast inn på nytt frå dokumentloggen.