5. Å lage snarvegar til menyfunksjonane

Mange av funksjonane som er tilgjengelege frå biletmenyen kan også aktiverast frå ein tastatursnarveg. Har du funksjonar du bruker ofte, kan det vere ei lette i arbeidet å lage slike snarvegar til desse. Det er to måtar å gjere dette på.

Prosedyre 12.1. Å bruke dynamiske snarvegar

  1. Først må du gå inn i menyen Brukarinnstillingar og krysse av for Bruk dynamiske tastatursnarvegar i Grensesnitt-delen av menyen. Normalt er dette valet deaktivert for å hindre at det blir laga uønskte snarvegar.

  2. Når du først er her, kontroller at også Lagra tastatursnarvegane ved avslutning er avkryssa slik at dei nye snarvegane blir lagra.

  3. For å lage snarvegen, plasserer du musepeikaren på kommandoen og skriv inn den ønskte tastekombinasjonen. Ikkje slepp opp tastane før den siste er skriven dersom du bruker fleire tastar. Pass også på at du heller ikkje leer museoeikaren,Du vil sjå at kombinasjonen dukkar opp til høgre for kommandoteksten.

  4. For å unngå konfliktar med eksisterande kombinasjonar, bør du bruke Ctrl+Alt+Tast-sekvensar for dei nye snarvegane.

Figur 12.31. Å sette opp tastatursnarvegar

Å sette opp tastatursnarvegar

Prosedyre 12.2. Å bruke snarvegshandteraren

  1. Du kjem fram til denne innskrivingsfunksjonen ved å klikke på knappen Sett opp tastatursnarvegar i «Grensesnitt»-delen i menyen brukarinnstillingar. Funksjonen er også tilgjengeleg frå menyvalet RedigerTastatursnarvegar.

  2. I denne dialogen klikkar du på den funksjonen du ønskjer å lage ny snarveg for og skriv inn tastekombinasjonen slik som nemnd ovanfor. (Eigentleg skal mellomromtasten viske ut snarvegen, og det gjer han, men snarvegen blir ikkje fjerna frå systemet).

  3. Du kan også bruke snarvegshandteraren til å setje opp parametra for verktøya frå tastaturet. Øvst i dialogvindauget finn du menyen Innhald som fører deg til verktøyparametra. For å forenkla arbeidet, er kvar verktøytype merka med eit ikon. (Denne funksjonen finst ikkje i den utgåva eg har, versjon 2.8.0 for Windows.)

[Notat] Notat

Tilpassa snarvegar blir i Linux lagra i ei av GIMP sine gøymde mapper (/home/[username]/.gimp-2.8/menurc). I Windows er lagringsstaden avhengig av versjonen:

  • C:\Documents and Settings\[Username]\.gimp-2.8\menurc i Windows XP.

  • C:\Programfiler\GIMP 2\etc\gimp\2.0\menurc i Windows 7.

  • C:\Program\GIMP 2\etc\gimp\2.0\menurc i Windows 10.

Lagringsstaden kan bli endra dersom GIMP er installert etter at Git Bash eller Cygwin er installert. I slike tilfelle vil du finna dei i C:\Program Files\Git\.gimp-[version]\menurc.

«menu.rc» er ei vanleg tekstfil som du kan kopiere mellom ulikedatamaskiner.