12.5. Om

Kommandoen Om opnar ei vindauge som viser kva versjon av GIMP dette er, og namna på alle som har vore med og laga han.

12.5.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via HjelpOm.

12.5.2. Beskriving av dialogvindauget

Figur 16.213. Dialogvindauget for «Om»

Dialogvindauget for «Om»

Heider og ære opnar ei liste over dei som har vore med å utvikle GIMP, anten dei nå har drive med programmering, utvikla grafikken eller skrive eller omsett hjelpetekstane.

Lisens viser korleis du får lisensen.