3. Å opna filer

Det er fleire måtar å opna eksisterande bilete i GIMP:

3.1. Opna frå menylinja

The most obvious is to open it using a menu, by choosing FileOpen from an image menu. This brings up a File Browser dialog, allowing you to navigate to the file and click on its name. This method works well if you know the name of the file you want to open, and where it is located. It is not so convenient if you want to find the file on the basis of a thumbnail.

[Notat] Notat

Når du opnar ei fil, må GIMP finna ut kva filtype dette er. Det er diverre ikkje nok bare å sjå på filutvidinga, som t.d. “.jpg”. Måten dei ulike filtypane blir laga på i dei ulike programma varierer nokså mykje. Dessutan er det fritt fram for å gi ei fil den utvidinga, det “etternamnet”, ein ønskjer, eller å sløyfa det heilt. Så i staden for å sjå på utvidinga, prøver GIMP å sjå på innhaldet. Dei fleste biletformata har filer med “magisk heading” som identifiserer filtypen. Bare når denne headingen ikkje gir noe brukbart resultat, nyttar GIMP filutvidinga som kjennemerke på filtypen.

Figur 5.4. The “File Open” dialog

The File Open dialog

I GIMP 2.2 blei det tatt i bruk ein ny dialog for å opne filer. Det skulle nå vere nokså enkelt å navigera deg fram til den ønskte fila dersom katalogoppsettet i maskinen din er nokolunde systematisk. Etter kvart som du klikkar deg fram, vil mappene bli viste øvst i dialogvindauget. (“Heim”, “Mine dokument” osv på figuren). Aktiv mappe blir vist med utheva skrift. Du kan også lage “bokmerke” for mapper du ofte bruker. Mappa “diverse” til venstre på figuren er eit slikt bokmerke. Når du dobbeltklikkar på bokmerket, kjem du rett fram til ønskt mappe eller fil. Dersom du klikkar på knappen Legg til, vil den aktive mappa bli lagt inn som bokmerke. Du fjernar eit markert bokmerke med knappen Fjern.

I midten av dialogvindauget finn du ei liste over innhaldet i den valde mappa. Eventuelle underkatalogar blir lista øvst, og deretter filene. Normalt blir alle filene i mappa lista ut, men du kan avgrensa listinga til bestemte filtypar ved hjelp av utvalsmenyen “Vel filtype”.

Dersom fila du klikkar på er ei biletfil, vil biletet bli vist til høgre i dialogvindauget. Det hender at førehandsvisinga ikkje er heilt korrekt. Dersom du har mistanke om at dette er tilfelle, kan du laste ho inn på nytt ved å halde nede Ctrl-tasten medan du klikkar på biletet.

By default, a Location text box is present in the File Open dialog. It may be absent: the Ctrl+L key combination toggles this text box.

[Notat] Notat

I dei aller fleste tilfella vil GIMP bestemma filtypen automatisk når du opnar ei fil. I noen sjeldne tilfelle, særleg dersom filtypen er uvanleg eller dersom filnamnet er ufullstendig, kan det hende automatikken ikkje verkar. Du kan då opna “Vel filtype” og klikka på ønskt format. Den vanlegaste årsaka til at GIMP ikkje greier å opna ei biletfil, er likevel at fila er øydelagt eller at GIMP ikkje har støtte for dette formatet.