6.3. Fargekast

6.3.1. Oversyn

Figur 16.126. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Fargekast»


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterStøyFargekast

Filteret «fargekast» legg ein tilfeldig farge i kvar av dei berørte pikslane, altså verkeleg tilfeldig støy. Alle fargekanalane, også alfakanalen om han finst i biletet, blir behandla tilfeldig. Fargane blir plukka heilt tilfeldig frå alle fargeverdiane utan å ta omsyn til originalverdiane. Kor stor prosent av pikslane i det aktive laget eller utvalet som blir påverka, blir bestemt med glidebrytaren Slumpmengde (%)

6.3.2. Innstillingar

Figur 16.127. Innstillingane for filteret «fargekast»

Innstillingane for filteret «fargekast»

Tilfeldig frø

Verdien du set i kontrollen Startfrø bestemmer til ein viss grad kor tilfeldig filteret skal arbeide. Bruker du det same startfrøet som sist, og ingenting anna heller er forandra, vil filteret gi ut nøyaktig det same resultatet. Legg du inn ein ny verdi for slumpfrøet, vil også resultatet bli eit anna, sjølv om ingenting anna er forandra. Du kan skrive inn verdiar for slumpfrøet for hand, eller du kan velje ein tilfeldig startverdi med knappen Nytt frø.

Er det merka av for Slump, blir innskrivinga av frø sperra. I staden blir det generert eit nytt frø kvar gong du køyrer filteret. Er det ikkje kryssa av for dette valet, vil filteret bruke det innskrivne frøet kvar gong.

Slumpmengde (%)

Glidebrytaren Slumpmengde bestemmer kor mange prosent av pikslane i det aktive laget eller det aktive utvalet som skal bli påverka av filteret. Dess høgare verdi, dess fleire pikslar bli forandra.

Gjenta

Glidebrytaren Gjenta bestemmer kor mange gonger filteret skal gjenta prosessen. For dette filteret er dette valet lite nyttig i og med at du kan oppnå det same mykje raskare ved å velje eit større tal for Slumpmengde. Grunnen til at dette valet er tatt med, er at det same kontrollpanelet blir brukt for fleire ulike filter.