Filteret legg småbølgjer eller krusningar inn i det aktive laget eller utvalet. Effekten kan minne om refleksjonar i uroleg vatn.
Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.
Dette valet forbetrar skråkantar i biletet ved å jamne ut overgangane.
Dersom biletet er flislagt, blir dei saumlause overgangane uforandra.
Her kan du bestemma om bølgjene skal vere Horisontale eller Vertikale.
Sidan filteret forskyv pikslar i biletet, kan det hende at det forsvinn pikslar frå kantane av biletet. Du kan her bestemme korleis dei manglande pikslane skal erstattast.
Linjebryting: Dei pikslane som blir borte frå ei side, dukkar opp på motsett side og erstattar pikslane som forsvinn frå denne sida.
Smør ut: Dei overskytande pikslane blir spreidde utover for å erstatte dei manglande pikslane.
Svart: Dei manglande pikslane bli erstatta med svarte pikslar.
Her kan du velje forma på bølgjene.
Sagtann: Bølgjene stig sakte og fell deretter brått av.
Sinus: Bølgjene stig og fell regelmessig som dønningar.
Periode: Relativ bølgelengde. Skalaen har eit område frå 0 til 200 pikslar.
Amplityde: Realativ bølgehøgde. Skalaen har eit område frå 0 til 200 pikslar.