10.14. Bølgjer

10.14.1. Oversyn

Figur 15.161. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Bølgjer


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterForvrengningarBølgjer

Dette filteret gir same effekten som når du kastar ein stein i stille vatn og lager konsentriske ringar rundt nedslaget.

10.14.2. Innstillingar

Figur 15.162.


Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK. Visinga kan ta noe tid dersom datamaskinen er treg.

Modus

På grunn av deformeringa av biletet, kan det oppstå område langs kanten av biletet som er utan definerte pikslar. Denne funksjonen bestemmer korleis desse områda skal fyllast.

  • Smør ut: Dei tomme områda blir fylt med kopiar av omliggande pikslar. Fargane blir smørt utover.

  • Svert: Dei tomme områda blir fylt med svart farge.

Reflekterande

Reflekterande: Bølgjer som treff kantane blir reflekterte og interfererer med motgåande bølgjer.

Amplitude

Amplitude: Amplitude er det same som bølgjehøgde.

Fase

Fase: Denne glidebrytaren bestemmer kva fase bølgja skal byrje med i sentrum av effekten, dvs. på bølgjetoppen, på botnen av bølgja eller ein stad mellom desse.

Bølgjelengde

Bølgjelengde: Dette er det same som avstanden mellom bølgjetoppane.