4.6. Sprei

4.6.1. Oversyn

Figur 15.69. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbilete

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Sprei


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterStøySprei

Dette filteret bytter farge i alle pikslane i det aktive laget eller i den aktive markeringa med ein tilfeldig farge plukka frå det same området. Det blir altså ikkje lagt inn nye fargar, bare bytt meir eller mindre om på dei som finst frå før. Du kan bestemma kor sterk ombyttinga skal vere. Filteret verkar ikkje på einsfarga område.

4.6.2. Innstillingar

Figur 15.70. Innstillingane for filteret “Sprei

Innstillingane for filteret Sprei

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner forandringane før du legg dei inn i biletet.

Spreieavstand

Her bestemmer du kor langt pikslane skal bli flytta Horisontalt og Vertikalt. Du kan velje om desse to innstillingane skal arbeide uavhengige av kvarandre eller vere låst saman, ved å klikke på lenkesymbolet for å opna eller lukke lenka. Du kan også definere måleeining.