5.4. Neon

5.4.1. Oversyn

Figur 15.78. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbilete

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Neon


Filteret finn kantar i det aktive laget eller den aktive markeringa og gir dei ein lys neoneffekt.

GIMP har også ein script-fu med same namnet, dette skriptet arbeider heilt ulikt dette filteret.

5.4.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterKonturNeon

5.4.3. Innstillingar

Figur 15.79. Innstillingane for filteret “Neon

Innstillingane for filteret Neon

Radius

Denne bestemmer kor breie konturane skal vere.

Mengde

Denne styrer, på ein relativ skala frå 0,00 til 1,00, kor sterk filtereffekten skal vere. Dess høgare tal dess sterkare effekt.