13.9. Labyrint

13.9.1. Oversyn

Figur 15.262. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Labyrint


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterTeiknefilterMønsterLabyrint

Dette filteret bytter ut innhaldet i det aktive laget med eit tilfeldig generert labyrintmønster i svart/kvit. Kan du finne ruta frå midten og ut til kanten i eksemplet ovanfor?

13.9.2. Innstillingar

Figur 15.263. Innstillingane for filteret “Labyrint

Innstillingane for filteret Labyrint

Breidde/Høgde

Glidebrytarane Breidde og Høgde blir brukt for å bestemme kor tykke veggane i labyrinten skal vere. Dess tynnare veggar dess fleire vegar. For at figuren skal likne mest mogleg på ein labyrint, bør breidda og høgda vere den same. Innstillingane på desse brytarane påverkar også kor mange bitar det kan vere i kvart felt. Dersom du forandrar talet på bitar, vil du også sjå at tilsvarande glidebrytar forandrar seg.

Saumlaus

Dersom du ønskjer å bruke labyrinten som eit mønsterelement, kan du gjere dette ved å krysse av for denne funksjonen.

Frø

Dette er starttalet som slumpgeneratoren bruker som utgangspunkt for å lage tilfeldige vegar i labyrinten. Normalt kan du krysse av for Slump og såleis la programmet plukke frø på slump. Skulle du ha behov for å lage den same labyrinten fleire gonger, skriv du inn same frøet.

Algoritme

Du kan velje mellom to ulike metodar for å generere labyrinten, Først djupn og Prims algoritme. I praksis betyr det ikkje så mykje kva for ein av desse du vel.