3.16. Maks RGB

3.16.1. Oversyn

Figur 15.53. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret Maks RGB


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterFargarMaks RGB

Dette filteret analyserer lysverdien for kvar piksel i biletet og beheld den fargekanalen som har høgast verdi, eller lågast verdi dersom du har vald det slik. Dei to andre kanalane blir sett til null. Dette resulterer i at alle pikslane som ikkje er grå, blir sett til anten raud, grøn eller blå.

3.16.2. Innstillingar

Figur 15.54. Innstillingane for filteret “Maks RGB

Innstillingane for filteret Maks RGB

Førehandsvising

Førehandsvisinga viser biletet slik det blir etter bruk av filteret. Du kan slå av førehandsvisinga om du skulle ha slike ønskje.

Innstillingane

Behald maksimumskanalen: Er denne vald, vil filteret behalda den fargen som har høgast intensitet (lysverdi) for kvar piksel. Dei to andre kanalane blir sett til null. Eit eksempel: Pikselen har RGB-verdiane 220, 158, 175. Maks --> 220, 0, 0. Dersom to eller tre kanalar har same lysverdiane, blir begge, evt. alle, verdiane brukt: 210, 54, 210. Maks --> 210, 0, 210.

Behald minimumskanalen: Er denne vald, vil filteret behalda den fargen som har lågast intensitet (lysverdi) for kvar piksel. Dei to andre kanalane blir sett til null. Eit eksempel: Pikselen har RGB-verdiane 220, 158, 175. Min --> 0, 158, 0. Dersom to eller tre kanalar har same lysverdiane, blir begge, evt. alle, verdiane brukt: 210, 54, 54. Min --> 0, 54, 54.

Grå pikslar blir ikkje forandra sidan desse har same lysverdien i alle tre kanalane.