6.2. Fjern annakvar linje

6.2.1. Oversyn

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterForbetreFjern annakvar linje

Stillbilete som er laga på grunnlag av eit videobilete vil ofte sjå litt forstyrra ut, med både uklare område og uventa striper. Dette er særleg synleg ved raske rørsler. Årsaka ligg i måten videobileta er sett saman på. For å unngå flimring, blir bileta på skjermen teikna på nytt 25 gonger i sekundet. På eit biletrøyr blir teikninga utført ved å føre ein tynn elektronstråle vassrett over skjermen og såleis teikne linje for linje nedover. Andre skjermar arbeider annleis, men alle teikner linjer på ein eller annan måte. Videokameraet tar 50 bilete per sekund og viser to bilete samstundes. Linje 1 frå bilete nr. 1, linje 2 frå bilete nr. 2, linje 3 frå bilete 1 osv. annakvar gong. Medan bilete nr. 1 blir teikna, står bilete nr. 2 fast, og omvendt. Dersom det nå har skjedd større forandringar i mellomtida, kan dette føre til synlege hakk eller striper i biletet.

Filteret fjerner annankvar linje i biletet, altså det eine av desse to bileta. Tomrommet blir utfylt med fargeovergangar mellom to nærliggande linjer. Resultatet blir litt uklart, men som oftast betre enn originalen. Dessutan kan det nye biletet ofte forbetrast ved hjelp av eigna filter. (Prosessen med å flette saman to bilete blir ofte kalla “interlace” og den funksjonen filteret utfører blir difor ofte kalla “deinterlace”).

Du kan finne eit testbilete for å prøve ut filteret på adressa Wikipedia.

6.2.2. Innstillingar

Figur 15.82. Innstillingane for filteret “Fjern annakvar linje

Innstillingane for filteret Fjern annakvar linje

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner forandringane før du legg dei inn i biletet.

Behald ... felt

Behald odde linjer og Behald like linjer: Odde linjer er linje nr. 1, 3, 5 osv, like linjer er linje nr. 2, 4, 6 osv. Det er uråd å seie kva for eit val som gir best resultat. Du må prøve deg fram.

6.2.3. Eksempel

Figur 15.83. Eit lite eksempel på verknadane av filteret

Eit lite eksempel på verknadane av filteret

Topp : Pikslane i like linjer er skifta med ein piksel mot høgre. Botn : Ei linje manglar. (Bileta er forstørra for å vise pikslane).

Eit lite eksempel på verknadane av filteret

Avkryssa for Behald like linjer. Topp : Odde linjer er skift mot høgre for at dei skal bli på linje med dei like linjene. Botn: Den tomme linja er fylt med raudt.

Eit lite eksempel på verknadane av filteret

Avkryssa for Behald odde linjer. Topp : Like linjer er skift mot venstre for at dei skal bli på linje med dei odde linjene. Botn: Den tomme linja er der framleis, men er nå glatta ut.