3.6. Fargekopling

3.6.1. Oversyn

Figur 15.28. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Verknad av filteret “Fargekopling


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterFargarKartFargekopling

Til skilnad frå filteret Bytt fargar bruker dette filteret fargar frå eitt definert fargeområde for å bytte farge i eit anna, definert fargeområde.

3.6.2. Innstillingar

Figur 15.29. Innstillingane for filteret “Fargekopling

Innstillingane for filteret Fargekopling

Førehandsvising

Førehandsvising: Dersom denne er avkryssa, vil alle endringane bli viste her etter kvart før dei blir lagt inn i originalbiletet.

Fargeområde for kjelde

Dei to fargeboksane blir brukte for å definera kva for fargeområde som skal bli brukt som kjelde. Området vil vere frå fargen definert i fargeruta Frå til fargen definert i ruta Til. Når du opnar dialogen, er forgrunnsfargen og bakgrunnsfargen definert i verktøyskrinet brukt i desse boksane. Klikkar du på ein av fargeboksane vil du få opp fargeveljaren slik at du kan bestemme fargane.

Fargeområde for mål

Desse to fargeboksane verkar som omtalt ovanfor, men set grensene for fargeområdet i målbiletet.